Luster: Denne helga representerer lustringen Elin Hauge Vestland Ap på Arbeiderpartiet sitt landsmøte denne helga. Ho brukte taletida si til å snakka om tilbod for dei yngste.
– Alle born skal ha like moglegheiter til ei god og trygg oppvekst. Det var grunnen til at eg meldte meg inn i Arbeidarpartiet, sa Hauge i talen.
– Fellesskapet har ansvar når ein som familie står i ein situasjon som kan verke håplaus.
Stor tru på COS-kurs
Ho snakka om heimkommunen Luster og lågterskeltilbodet som er innført for dei som slit i rolla som føresatt der. Det heiter COS-kurs, som står for Circle of security, og går ut på at pedagogar i barnehagen og helsesyster held kurs for foreldre.
Ho fortalte at dette tilbodet er so populært, at det er kø for å vera med.
– Det er å ta kvardagsutfodringane på alvor. Og det er å ta barndommen på alvor, sa ho.
Vil gå inn for gratis SFO
Hauge tok òg opp at mange born ikkje deltek i dei samme fellesskapa og fritidsaktivitetane som andre born.
– Fem og seksåringar er ferdig på skulen klokken tolv og eitt, ingen skal bli utestengt fordi dei ikkje har råd til å betale.
Ho får støtte av partileiar Jonas Gahr Støre. Han håpar at landsmøtet går inn for at kjernetida i SFO blir gratis for alle.
– Dette er ein kamp mot ulikheit i praksis, og denne rekninga kan og bør fellesskapet ta, sa han.