STOLEN: Då Elisabeth Madocs (83) kom heim frå ferie, var rullatoren hennar vekke. No ønskjer ho tips om kor han kan vera.
STOLEN: Då Elisabeth Madocs (83) kom heim frå ferie, var rullatoren hennar vekke. No ønskjer ho tips om kor han kan vera. (Foto: Sunniva Knutsen)

Elisabeth (83) vart fråstole rullatoren sin: – Veldig dumt at folk tek andre sine ting

Elisabeth hadde vore på ferie i Ungarn, som ho kjem frå, i 14 dagar. Då ho kom att såg ho at det mangla noko på trappa utanfor huset på Farnes i Øvre Årdal.

Årdal: Nemleg rullatoren som ho fekk frå hjelpemiddelsentralen for berre nokre månader sidan. Den har fast plass på trappa, for då kan ho lett hente han og setja han ifrå seg. 

– Den berre forsvann, så no må eg skaffa meg ny og det er dumt. Eg er avhengig av å ha han, seier Elisabeth Madocs til Porten.no. 

83 år gamle Madocs er dårleg til beins og brukar rullator når ho skal på butikken for å handla. Ho kan òg bruka krykker samt sykla om det berre er eit lite stykke. 

Tok til sosiale mediar for hjelp

Dottera Marika Moen tok sundag til Facebook for å søka råd. Der var det nokre som kommenterte at det stod ein rullator på Coop Extra, og om det kanskje var den. Det var det ikkje. Og førebels har enno ikkje rullatoren kome til rette. 

  Skjermbilde: Facebook

– Mange synst det var trist at den vart stolen. Men me har ikkje høyrt noko enno, seier Madocs. 

Ho har fleire teoriar om kva som kan ha skjedd med han. Kanskje har nokon ungdomar teke han på veg heim frå fest om natta, eller kanskje nokon andre såg seg bruk i han i det dei gjekk forbi. 

– Likevel trur eg ungdomen her i Årdal har respekt for oss eldre, og vaksne ville heller ikkje ha teke han trur eg. Eg veit ikkje kor han har blitt av. 

– Det er jo veldig dumt at folk tek andre sine ting. 

Håpar på tips

Medan Elisabeth var på ferie var dottera og sonen innom for å vatna plenen og plantene hennar. Dei la ikkje merke til at rullatoren plutseleg forsvann. 

– Ingen av dei merka noko, så me veit ikkje eksakt når han vart stolen. 

– Eg håpar at no som det kjem i avisa, kan folk sei frå om dei har sett han. Eg håpar eg kan få han att så snart som råd, seier Madocs. 

Neste veke har ho plan om å ringa hjelpemiddelsentralen for å erstatta han. I mellomtida får ho hjelp frå vener og borna sine til å handla, fortel ho. 

Til toppen