HISTORISK: Elise Thorsnes frå Leikanger er den første fotballspelaren til å ta cupgull med fire ulike klubbar.
HISTORISK: Elise Thorsnes frå Leikanger er den første fotballspelaren til å ta cupgull med fire ulike klubbar. (Foto: Arkiv)

Elise Thorsnes første til å ta cupgull med fire ulike klubbar

Fotballtalentet frå Leikanger har skrive historie.

Lillestrøm: Sundag blei Elise Thorsnes den første nokonsinne til å ta cupgull med fire ulike klubbar. Det etter at ho saman med Lillestrøm slo Vålerenga 5-1 i cupfinalen. 

Ho er den første fotballspelaren som har vunne cupgull med fire ulike klubbar. Ho har òg klart «The Double» med tre ulike klubbar. Det skriv NRK Sogn og Fjordane

Som om ikkje det er bragd nok i seg sjølve, er Thorsnes også tidenes toppscorar i Toppserien. 

 – Dette er j.... spesielt. Det har vore eit mål for meg denne sesongen å bli historisk, sa Thorsnes til NRK sundag. 

Til toppen