STENG: Vegen er stengd på grunn av ras.
STENG: Vegen er stengd på grunn av ras. (Foto: Ellen Harrison/Ådne Dyrnesli)

Ellen stod aleina ved Finnsåstunnelen og håpa vegen skulle opna: – Det byr på utfordringar

Medan vegen mellom Finnsåstunnelen og Kolsostunnelen var stengd grunna ras bydde det på utfordringar for Ellen Harrison som pendlar frå Øvre til Vikadalen.

Årdalstangen: – Eg spurde om dei opna i løpet av dagen og då sa dei at dei kanskje ikkje gjer det, seier Ellen Harrison.   

Ho hadde vore på jobb i Øvre då raset mellom Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen gjekk.  

– Eg skal heim til Vikadalen men no kjem eg jo ingen veg - i alle fall ikkje dit. Køyrer eg rundt så tek det nokre timar ekstra - det er plagsomt. 

Stod fast sist det gjekk ras òg

Ho stod fast på same sida som no då det store raset gjekk i vinter. 

– Det bydde på veldig store utfordringar sidan eg jobbar i Øvre og bur i Vikadalen. Etter raset gjekk i vinter måtte eg få permisjon frå jobben fordi det var så utfordrande med stengt veg. 

– Kva tenkjer du når det går ras langs vegen gong på gong? 

STÅR FAST: Ellen Harrison står aleina og ventar på at vegen skal opna. Foto: Ådne Dyrnesli

– Det seier jo litt om korleis forholda på staden er. Hadde eg kome fem minutt før no så hadde eg kanskje havna midt i raset og det er ubehageleg å tenkje på. Det er jo eit område prega av ras, men det er jo kanskje vanskeleg å putta alle vegar i tunnelar og gjere alt 100 % trygt, seier Harrison. 

Får kanskje køyre gjennom etter geolog har vore på staden

Medan ho ventar får ho beskjed frå Statens Vegvesen om at ein geolog kjem om tre timar og sjekkar staden. 

– Eg blir ståande å venta på ny beskjed, men eg blir nok ståande ei stund. Det er svært upraktisk det her for eg må jo tilbake på jobb i morgon. 

– Kva skal du gjere på medan du ventar? 

– Eg har akkurat vore på joggetur då, men kanskje eg skulle teke meg endå ein, seier ho og ler.

Etter litt venting køyrde ho til slutt heim via Tyin-Årdal.

Til toppen