ELLEVE HAR SØKT: Ifølgje fusjonsinfo.no har elleve søkt på stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Halvor Farsund Storvik.
ELLEVE HAR SØKT: Ifølgje fusjonsinfo.no har elleve søkt på stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Elleve har søkt på rektorstillinga

Det er elleve søkjarar til stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet.

Sogndal: Frå 1. januar vert Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund slått saman til ein ny stor høgskule. 

Den nye høgskulen søkjer no etter ny rektor, og det er elleve som har søkt på stillinga, skriv fusjonsinfo.no. Ingen av søkjarane er frå Sogn og Fjordane.

Interimsstyret for Høgskulen på Vestlandet har oppretta eit utval som skal vurdere søkarane og gjennomføre intervju med kandidatar til rektorstillinga. Innstillinga skal vere klar seinast til styremøtet i november.

Desse elleve har søkt på stillinga:

Liv Reidun Grimstvedt (55), rektor, Haugesund
Stein Haugom Olsen (69), prorektor, Fredrikstad
Walther Herrles (49), Kristiansand
Glenn Hole (40), administrerande direktør, Drammen
Ole Hope (53), administrerande direktør, Søreidgrend
Geir Anton Johansen (56), dekan/professor, Bergen
Tasim Karim-Birkeland (39), dagleg leiar, Loddefjord
Chandra Sekharappa Mayur Yergeri (47), visiting scientist (last job), Nederland
Ann Helen Parsons (39), pedagogisk leiar, Rogaland
Berit Rokne (61), professor, Os
Ole-Gunnar Søgnen (61), rektor, Fyllingsdalen

Til toppen