MILLIONDRYSS: Næringstilskota frå Fylkeskommunen skal gjere kommunane i betre stand til å leggje til rette for auka vekst og sysselsetjing. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
MILLIONDRYSS: Næringstilskota frå Fylkeskommunen skal gjere kommunane i betre stand til å leggje til rette for auka vekst og sysselsetjing. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Elleve millionar til lokalt næringsliv

Fylkespolitikarane delte i dag ut midlar som skal hjelpe kommunane til å vere gode støttespelarar for etablerarar og lokalt næringsliv.

Balestrand: Hovudutval for næring og kultur hadde i dag møte på Kviknes hotell i Balestrand. På sakskartet stod mellom anna tildeling av midlar til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane. Målet med midlane er å gjere kommunane i betre stand til å leggje til rette for auka vekst og sysselsetjing.

Det vart vedteke at Leikanger og Sogndal kommune får tildelt 1,38 millionar kroner.

Felles næringsfond i Leikanger og Sogndal

Kommunestyra i Leikanger og Sogndal vedtok i februar månad å inngå ein samarbeidsavtale om felles førstelineteneste for næringsutvikling gjennom Sogn Næring. Det vart også vedteke at næringsfonda vart slegne saman. Som følgje avtalen om samanslåing har kommunane fått eit simuleringstilskot på 100 000 kroner som inngår i den fylkeskommunale tildelinga.

Sogn Næring er eit næringsselskap som er eigd av Sogndal kommune og nokre lokale bedrifter i Sogndal.

KRAFTKOMMUNAR FELL UTANFOR: Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur.
KRAFTKOMMUNAR FELL UTANFOR: Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur.

Ikkje næringsfond til «kraftkommunane»

Leikanger og Sogndal er dei einaste kommunane i Indre Sogn som får midlar til næringsfond. Grunnen til dette er i følgje assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen at kommunar som Lærdal og Årdal har store kraftinntekter.

– Kommunar som har kraftinntekter over gitte beløpsgrenser vil falle utanfor ordninga, seier Høgalmen.

Desse kommunane har fått næringsfond

Askvoll 590 484 kr
Balestrand    320 169 kr
Eid    643 804 kr
Fjaler    585 054 kr
Flora    747 849 kr
Førde    989 096 kr
Gaular    586 172 kr
Gloppen    500 169 kr
Gulen    463 253 kr
Hornindal    316 017 kr
Hyllestad    525 160 kr
Jølster    589 486 kr
Leikanger    561 695 kr
Naustdal    581 740 kr
Selje    512 996 kr
Sogndal    784 859 kr
Solund    500 165 kr
Stryn    559 105 kr
Vågsøy    642 726 kr

 

Til toppen