NYTT FYLKESVAL: Fylkestinget i Sogn og Fjordane i perioden 2011-2015 har 39 representantar. Valdag for perioden 2015-2019 er i september. Arkivfoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
NYTT FYLKESVAL: Fylkestinget i Sogn og Fjordane i perioden 2011-2015 har 39 representantar. Valdag for perioden 2015-2019 er i september. Arkivfoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Elleve politiske parti til fylkestingsvalet

Fylkesvalstyret i Sogn og Fjordane har fått inn elleve listeframlegg til kommande fylkestingsval i 2015.

Elleve politiske parti stiller liste til årets fylkestingsval i Sogn og Fjordane.

Desse er Arbeiderpartiet, Høgre, Kristeleg folkeparti, Kystpartiet, Rødt, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Venstre, Partiet De Kristne og Miljøpartiet De Grønne, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

Kven som stiller frå dei ulike partia finn du her

Til samanlikning var det 12 parti ved fylkestingsvalet i 2011. Samfunnsdemokratane stilte liste ved valet i 2011, men stiller ikkje liste i år. Partiet De Kristne er eit nytt parti ved valet i 2015; dei stilte liste under namnet Kristent Samlingsparti i 2011.  

Fylkestinget har i perioden 2011-2015 inne 39 representantar. Til kommane fylkesting, for perioden 2015-2019, blir talet på representantar redusert til 31. 

Valdagen er 14. september 2015, der nokre kommunar også har val søndag 13. september. Meir informasjon kjem frå kommunane når tida nærmar seg. 

Til toppen