GOD SØKJARLISTE: Styreleiar i Sogn og Fjordane Teater, Rasmus Mo, seier det er mange sterke kandidatar på søkjarlista.
GOD SØKJARLISTE: Styreleiar i Sogn og Fjordane Teater, Rasmus Mo, seier det er mange sterke kandidatar på søkjarlista. (Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar AS)

Elleve vil bli teatersjef, styreleiar: – Ei sterk søkjarliste

Elleve personar har søkt på stillinga som teatersjef.

Sogn og Fjordane: Teatersjef Bodil Kvamme går av neste år, og Sogn og Fjordane Teater er i gang med rekruttering av ny leiar.

No har elleve personar søkt på stillinga. Lista består av fire kvinner og sju menn, og to er unnateke offentlegheita. Det går fram av ei pressemelding. 

– Me er glade for å sjå fleire sterke kandidatar til teatersjefstillinga. Ei sterk søkjarliste betyr mykje for teateret og syner at me er relevante og attraktive, seier styreleiar Rasmus Mo. 

Målet er at ny teatersjef skal vera tilsett i løpet av 2019, med oppstart i januar 2021. Stillinga er eit åremål på 4 år.

Søkjarane til stillinga som teatersjef:

  • Bjørnsgaard, Gunhild (53) Oslo, Co-programmerar/prosjektleiar
  • Vik, Idun (34) Bergen, Frilans regissør/skodespelar
  • Valiente Marcelino, Martin (55) Oslo, Frilans sceneinstruktør/skodespelar
  • Lundsholt, Cecilie (38) Frilans produsent/dramatikar
  • Pedersen, Jeff (41) Stongfjorden, Frilans regissør
  • Ulsberg Brager, Øystein (36) Oslo, Dramaturg åremål og frilans regissør
  • Wergeland, Eliane (30) Oslo, Arenaleiar og partnaransvarleg
  • Ristesund, Stig Andre (49) Oslo, Biletkunstnar/rekvisitør
  • Selvik, Espen (60) Oslo, Prosjektleiar/kulturskribent
  • Mann, Unnateke offentlegheit
  • Mann, Unnateke offentlegheit
Til toppen