(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)
(Bilde:  Foto: Håvard Nilsen.)

Elleville hundedagar i Årdal: – Det er kjempespanande!

Hundeklubben i Årdal er denne helga for første gong arrangør av eit offisielt agilitystemne for hundar. Sjå bileta!

Årdal: – Her blir det masse liv heile helga, seier Hilde Johanne Myklebust i Årdal hundeklubb. Ho er med som både arrangør og utøvar.

På idrettsbana på Årdalstangen er det samla eit hundretals topptrente hundar og deira (ikkje nødvendigvis like topptrente?) eigarar.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Her skal dei (hundane) konkurrere om kven som er best til å forsere ulike hinder som hopp, tunnelar, slalom, lengde, hjul, vippar, bommar, eigentleg alt dommaren finn for godt å utstyre løypa med.

– Det er første gongen me arrangerer dette her, me har aldri gjort det før, så det er kjempespanande. Eg trur vi har fått det ganske bra til, seier Myklebust.

Det starta allereie fredag med uoffisielle løp. I dag, laurdag, kjempar dei ti beste i kvar klasse om å ta seg vidare til finalen. Her er òg rom frå nybyrjarar, konkurransen er delt opp i tre nivå alt etter kor langt ein har kome i utviklinga.

Med så mange hundar i sving på ein gong skulle ein tru det potensielt kaos i lufta. 

– Har vi hundane i band og passar på dei, så går det greitt, seier Myklebust.

Til toppen