JUBEL: Miriam Mjåset (med ryggen til) har nettopp sendt Kaupanger i føringa 1-0. Seinare i kampen putta ho enda eitt og sende dermed heimelaget opp ein divisjon. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
SPRETTA KORKEN: Spelarane kan sleppa jubelen laus etter at opprykket er sikra. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)
FØR AVSPARK: Bengallysa før avspark sørga for å sette stemninga på bana. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
SOLID OPPMØTE: 607 betalande tilskodarar sørga for god stemning på tribunene i opprykkskampen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
STOLT GJENG: Denne gjengen har æra for at Kaupanger kan spela i 1. divisjon neste år. (Bilde:  Halvor Farsund Storvik)

Sjå bileta: Elleville jubelscener då Kaupanger sikra opprykket

To mål av Miriam Mjåset og Tea Berteig gjorde at Kaupanger igjen kan kalla seg eit 1. divisjonslag. Sjå jubelscenene nedst i saka!

Kaupanger-Tromsdalen: 2-0 (1-0)

I flott haustsol og med rekordmange 607 tilskodarar på tribunene kunne Kaupanger i dag feira opprykket etter 2-0 mot Tromsdalen på heimebane.

Etter kampen greidde ikkje målskårar Miriam Mjåset å halda tårene attende.

– Eg har ikkje ord, det går ikkje an å beskriva, sa ho, før ho måtte ta fleire pausar då det gjekk opp for ho kva ho og laget hadde greidd.

Kaupanger-Tromsdalen 2-0

Kampfakta:

Stadion: Kaupanger stadion
Dommar: Per Oddvar Lien (IL Høyang)

Målscorarar, Kaupanger: Miriam Mjåset (18.), Tea Berteig (60.)
Gule kort, Kaupanger: 

Lagoppstilling, Kaupanger:

1. Linn-Mari Nilsen
3. Lone Cirotzki
4. Andrea Hopen
6. Åshild Hereid Haugen
14. Jannike Orrestad Andersen
8. Marie Ruud Pettersen (Marta Dalaker 79.)
10. Silje Torvanger (Silje Ness 69.)
11. Ylinn Tennebø (Andrea Henjesand 88.)
24. Karianne Kvam Gurvin
32. Tea Berteig (k)
9. Miriam Mjåset

I oppkøyringa til kampen hadde ho slite med sjukdom, men det var aldri tvil om at ho ville spela.

– Akkurat i dag tenkte eg ikkje så mykje på det, seier ho.

Dominerte kampen fullstendig

Heimelaget kom best i gang og produserte fleire sjansar.

Etter atten minutt fann Ylinn Tennebø storskårar Miriam Mjåset i boksen. Ho skaut via ein forsvarspelar, ballen gjekk i ei ekkel bue og tromsdalenkeeper Ingunn Stenersen famla ballen i mål.

Spelarane jubla hemningslaust, om resultatet heldt seg visste dei at opprykket var sikra. Resten av omgangen var prega av nervar og lite finspel, der Kaupanger produserte det som var av sjansar. Målskårar Mjåset hadde fleire sjansar til å auka leiinga, medan Tromsdalen verka heilt ufarlege.

I andre omgang heldt Kaupanger fram dominansen, faktisk var heile kampen nærast kjemisk fri frå Tromsdalen-sjansar.

Då Tea Berteig klinte eit frispark i krysset i det 60. minutt var kampen i realiteten avgjort.

– Utruleg deilig

PUNKTERTE KAMPEN: Kaptein Tea Berteig avgjorde kampen med eitt flott frisparkmål då timen var passert.
PUNKTERTE KAMPEN: Kaptein Tea Berteig avgjorde kampen med eitt flott frisparkmål då timen var passert. Foto: Halvor Farsund Storvik

Tromsdalen greidde aldri å mobilisera ein sluttspurt og 2-0-leiinga heldt seg kampen ut. Dermed kunne Kaupanger feira at dei igjen har teke steget opp på nest øvste nivå i norsk fotball, tre år etter nedrykket i 2014.

– Det er utruleg deilig. Eg kom heim att for å vera med på opprykket før sesongen i fjor. Då greidde me det akkurat ikkje, men eg bestemte meg for å prøva eitt år til, seier kaptein Tea Berteig.

Ho tykte det var ekstra kjekt å kunne avgjere på heimebane, framfor eit rekordstort publikum som heia dei fram.

– Eg er kaupangerjente, så eg hadde bestemt meg for å kosa meg uansett korleis det gjekk. No har me klart det og det er dritmoro, seier Berteig.

Trur dei skal bita frå seg i 1. divisjon

1-0: Miriam Mjåset har akkurat skote via ein tromsdalenspelar og kan berre nyta synet av ballen som dalar over ein utmanøvrert keeper.
1-0: Miriam Mjåset har akkurat skote via ein tromsdalenspelar og kan berre nyta synet av ballen som dalar over ein utmanøvrert keeper. Foto: Halvor Farsund Storvik

Trenar Øystein Lindesteg Rinde kom til klubben i 2015 for å hjelpa klubben opp att etter nedrykket. Det skulle ta tre år.

– Eg er stolt og letta over at me klarte det. Me har lagt ned tusenvis av timar dei siste tre åra, spelarane har jobba hardt og målretta, så det er er deilig når me endeleg har nådd målet, seier han.

Dei to solide prestasjonane i kvalifiseringskampane gjer at han er forsterka i trua på at laget har noko å gjera òg på nivået over.

– Det er klart det. Så lenge me får halda på spelarane til neste år, så skal me bita godt ifrå oss i 1. divisjon òg. Det er eg heilt sikker på, seier han.

Til toppen