Når kulissane byrjar å ramle ned, får skodespelarane bryne seg: Riksteatrets vårstorsatsing «Kollaps i kulissene» med mellom anna Ingar Helge Gimle og Hege Schøyen kjem til Sogn med sine lunefulle kulissar denne helga. Foto: Erik Berg.
Når kulissane byrjar å ramle ned, får skodespelarane bryne seg: Riksteatrets vårstorsatsing «Kollaps i kulissene» med mellom anna Ingar Helge Gimle og Hege Schøyen kjem til Sogn med sine lunefulle kulissar denne helga. Foto: Erik Berg.

Ellevilt om galskap på scenen

Timinga er alt når Riksteatret kjem til Sogn med den ustyrlege komedien «Kollaps i kulissene». Skodespelarane må vere millimeterpresise når kulissane bokstaveleg talt ramlar saman rundt dei.

Sogndal: Laurdag kjem forestillinga til Sogndal kulturhus. 

– Publikum kan gle seg. Her er det berre å setje seg tilbake og humre frå start til slutt, seier Hege Schøyen til NTB.

Lèt seg ikkje stoppe

Det heile handlar om eit hjelpelaust amatørteaterlag som skal setje opp eit klassisk krim-mysterium på ein storgard. Det meste går gale.

– Dette er galskap på scenen. Det meste av kulissane fell ned, men skodespelarane er fast bestemte på å gjennomføre framsyninga, koste kva det koste vil. Ingenting kan stoppe dei, sjølv ikkje kulissar som ramlar ned i hovudet på dei, seier regissør Kim Haugen.

Framsyninga krev mykje både av skodespelarane og av teamet bak scenen.

– Når ting skal dette ned, må det timast, og det krev òg musikalitet av teknikarane. Tinga må dette på det nøyaktig rette tidspunktet, og timinga må vere presis. Så det blir ei reise i perfeksjon. Eg elskar den type jobbing, seier Haugen.

– På ein måte er det jo kulissane som speler hovudrolla her, så vi kan ikkje slurve med fysikken, og vi må gi veldig nøyaktige stikkord til kvarandre, seier Schøyen mens scenograf Tore Sæther tar ein runde i kulissane og demonstrerer korleis dei bit for bit kjem til å dette frå kvarandre.

Før New York

«Kollaps i kulissene» – med originaltittel «The Play That Goes Wrong» – vart kåra til beste komedie i Storbritannia i 2015 og har gått for fulle hus i London i tre år. Denne veka kom nyheita om at farsen òg skal setjast opp på Broadway i New York i april neste år. Riksteatret slår New York med tre månader og er først ute i Skandinavia med stykket, som hadde premiere 19. januar.

Knut Nærum har omsett og fornorska teksten. Krimmysteriet er framleis lagt til ein adelsgard, men i den norske versjonen er det Skorpen dramatiske selskap som set opp stykket i samarbeid med Riksteatret.

– Det er ei blanding av sirkus og gaukur, seier Nærum, som kjenner seg igjen etter å ha vore på turné med eit amatørteaterlag i Grimstad i sin ungdom.

– Da stod eg plutseleg med delar av ein sofa i hendene, så eg kjenner jo at dette er mitt stoff, seier Nærum.

Han seier at noko av det vanskelege med omsetjinga har vore å finne det han kallar «den gamle krimtonen», ettersom stykket som blir framført av amatørlaget, går føre seg på 1920-talet.

– Her blir det brukt ord som «formodentlig» og «imidlertid» og somme er dis, andre ikkje. Herskapet seier du til tenarane, men tenarane seier De tilbake, seier Nærum.

Riksteater-debut

Hege Schøyen spelar inspisienten, som ikkje liker skodespelarar, men som i rein fortviling må hoppe inn i ei av rollene i amatørframsyninga.

– Men når ho må steppe inn, gir ho nødig den plassen frå seg igjen, seier Schøyen.

Det er første gongen Hege Schøyen skal på turné med Riksteatret, og det gler ho seg veldig til.

– Eg har vore mykje på turné, men ikkje på mindre stader. Eg har gledd meg lenge til å køyre rundt med buss og komme til stader eg ikkje har vore før. Også er vi jo mange som skal ha det morosamt saman. Det genererer mykje humør å få jobbe med ei komedie saman med så mange, seier Schøyen.

Med seg i bussen og på scenen skal ho blant andre ha Jan Martin Johnsen, Bartek Kaminski og Ingar Helge Gimle.

– Eg likar veldig godt å spele komedie, men har ikkje gjort det på lenge. Eg gler meg veldig, seier Gimle.

Sist han var på turné med Riksteatret, var for seks år sidan. Da drog han Noreg rundt med noko langt meir alvorleg – nemleg «Hvem er redd for Virginia Woolf?».

– Dette blir ellevilt. Eg trur ikkje det har vore vist noko så ellevilt på lenge, seier Gimle.

(©NPK)

Til toppen