Elvedalen Årdal som tema på seminar

Elvedalen Årdal som tema på seminar

Vatn er den viktigaste ressursen mennesket har, men for enkelte betyr vatn meir enn for andre.

Og for Årdal er nok vatn heilt sentralt, noko naturen med sine ville fossar viser, og ikkje minst aluminiumsindustrien bygger sterkt på. 

Denne veka startar Nasjonalparkfestivalen «Under Storen», og torsdag skal det vera seminar, der vatn og blå-grøn utvikling er fokus.

– Me har folk som er store kapasitetar på sine område, som skal komma hit og halde foredrag, seier leiar i stiftinga Nasjonalparkfestivalen Rigmor Solem.

Ulike foredragshaldarar

Etter at historikar Johs. B. Thue har heldt sitt foredrag, skal Tanaquil Enzensberger, biolog og sauebonde, snakka om det som er rundt og i elva av flora og fauna.

– Ho kjenner Utladalen veldig godt og har dreve mykje kartlegging. Ho kjenner fossane og området betre enn dei fleste av oss. Ho skal synleggjera det som lever i og ved elva i form av ein biletkavalkade, fortel Solem.

Etter dette skal Erik Gomez-Baggethun, professor i miljøøkonomi, halde sitt foredrag. Han har skreve mange fagartiklar og har brei kunnskap om dette området.

– Då går ein litt inn på notida, kva naturen er verdt og kva me har av verdiar rundt oss. Dette handlar om at naturen har ein verdi i seg sjølv som me kanskje tek litt for gitt. 

Gomez-Baggethun fokuserer på rammeverka og verdisetting av økosystem og på analysar av tilpasningsevne til miljøendringar på samfunnsnivå.

Miljødesign

I tillegg til dette skal Svein Erik Gabrielsen sjå nærare på miljødesign. Elva Utla er regulert, og han vil dra inn erfaringar frå andre regulerte vassdrag og snakke om dette før Rainer Stange, som er professor i landskapsarkitektur ser nærare på blå-grøn tettstadutvikling.

– Han er ein av dei som er mest kjent på å knytta vatnet og logikken i landskapet inn mot blå-grøn bygdeutvikling, fortel Frank Eldegard.

Paneldebatt

Til slutt skal denne fagdagen enda i det arrangøren håpar blir ein frisk debatt om desse temaa. Både politikarar og andre frå relevante miljø er inviterte hit. 

– Me ønskjer at dette blir eit seminar for ein del fagmiljø i regionen, ikkje berre Årdal. Årdal kan vera eit case i å tenkja korleis ein kan nytta vatn og vassdragsnatur på ein ny måte, blant anna reiseliv, forskning, opplevingar og kvalitetar ved staden du bur. Me er veldig opptekne av at det er folk i Årdal som året rundt skal føla kvaliteten i naturen og den identiteten knytta til naturen som er her, forklarar Solem.

Til toppen