BEKYMRA: Anders Tønjum, grunneigar i Tønjumelvi i Lærdal, er bekymra over framtida til Lærdalselva. Han meiner at manglande rense rutiner i vassdraga ovanfor, kan utsetje den for gyrosmitte på ny,
BEKYMRA: Anders Tønjum, grunneigar i Tønjumelvi i Lærdal, er bekymra over framtida til Lærdalselva. Han meiner at manglande rense rutiner i vassdraga ovanfor, kan utsetje den for gyrosmitte på ny, (Foto: Sunniva Knutsen)

Elveeigar fryktar at mildare krav i Borgundselva vil bringa gyro-parasitten tilbake til Lærdalselva

I år vart Lærdalselva friskmeld frå lakseparasitten gyrodactylus salaris, etter 20 år med sjukdom. Elveeigar Anders Tønjum fryktar at uforsiktige fiskarar og manglande tiltak i Borgundselva kan smitte ho igjen. Det vil han gjere noko med.

Lærdal: Elveeigar Anders Tønjum ønskjer at det blir sett inn tiltak som tvingar elveeigarar i Borgundselva til å gjere til rette for desinfisering av fiskeutstyr når dei sel fiskekort. 

For dersom du ønskjer å fiske i den no friske Lærdalselva, må du desinfisera utstyret både før du får gå i elva, og når du kjem ut att. Dette er ikkje eit krav i Borgundselva, som ligg eit stykke ovanfor, men som likevel tilhøyrer same vassdrag. 

Ovanfor Sjurhaugsfossen ligg Borgundselva. Der vert det seld omlag 500 fiskekort i året,  og dette utan krav om desinfisering inn eller ut. Dette vatnet kjem jo ned i Lærdalsvatnet, noko som uroar meg valdsamt, seier Anders Tønjum, medlem av elveeigarlaget i Lærdal. 

Tønjum fortel at det finnast heimlar i lovverket som kan påleggja elveeigarar som leiger ut til fiskarar, at utsyr og klede skal desinfiserast:

  • Matlova §19, som omtalar dyrehelse, oppfordrar ein kvar til å utvise naudsam aktsamheit for å førebygga smittsame dyresjukdomar.
  • Sjukdom- og omskiftningsforskrifta §45, omtalar tørking og desinfisjon av fiskeutstyr og båtar, som ifølgje forskrifta skal desinfiserast før det flyttast til andre vassdrag, eller andre delar av samme vassdrag

Driv eigen gyro-desinfiseringsstasjon 

Sjå bileta i botn frå gyrostasjonen til Anders Tønjum.

Tønjum driv Hedleteigen Gyrostation ved bustaden sin i Lærdal, og har stor kompetanse om både gyro-parasitten og korleis ein bekjempar smitte med hjelp av desinfisering.

Han fortel at gyro smittar via fisk, utstyr, vatn og smitta vassdrag og anlegg. Parasitten kan òg overleve i fleire dagar i fuktige omgjevnadar, som til dømes i neoprenstøvlane i vadebuksa. 

– Og her slepp dei altså laus fleire hundre fiskarar i Borgundselva, utan å spare ein einaste tanke på at dei kan smitta vassdraget med gyro igjen, seier han og ristar på hovudet. 

I eit raudt bygg attmed bustaden hans i Lærdal, driv elveeigar Anders Tønjum Hedlekve Gyrostation. Foto: Sunniva Knutsen

– Vert ikkje kontrollert 

Tønjum er medlem av Lærdal elveeigarlag, som har pålagt alle medlemma sine å desinfisera både sitt eige utstyr og utstyret til fiskarane dei leiger ut til.

– Slik som desinfiseringa er organisert no, så er det kvar elveeigar som må legge til rette for at desinfisering skjer. Det er mykje kompetanse på dette i Lærdal, og det er nok av stader å få gjort det, seier han. 

Han seier at han jamvel saknar éin viktig ting: 

– Her vert ingenting kontrollert. Det som me har fått pålagt er at utstyret skal bli desinfisert før og etter det har vore i kontakt med elva. Det står ingenting om korleis anlegget skal vera.

– Det er litt påfallande at ein kan påleggja folk å gjere ein så viktig jobb som dette her, utan det på nokon måte vert følgd opp av dei som kjem med pålegget. Elles i samfunnet, når ein får eit pålegg, så vert ein kontrollert.

– Ein merkevare for Lærdal

Tønjum meiner at lokalmiljøet, elveeigarane og fiskarane har eit stort ansvar for å passe på Lærdalselva:

– Lærdalsvassdraget, ikkje berre lakseelva, men Borgundselva som er ei aureelv òg, er faktisk ei merkevare for Lærdal som me må ta vare på. Og skal med klara det, kan me ikkje ta sjansen på å smitta ho igjen.

– Dette er ei tikkande bombe. Det kjem til å gå gale før eller seinare. Ingen hadde høyrt om Gyro for det skjedde her. Heller ikkje skrantesjuke.

– Det er faktisk ei merkevare som er verd å ta vare på. Elveinntektane er sjølvsagt bra, men det dreg også mykje folk til Lærdal, som heile bygda kan drege nytte av, ikkje berre grunneigarane. Då må elva vera med å  ligga i botn, seier han. 

Vil ufarleggjere desinfisering for elveeigarar

Anlegget til Tønjum er eit resultat av omlag åtte år med prøving og feiling.

Med seg på reisa har han hatt svigerfaren Mons Frydenlund, og saman har dei funne ut av forskjellige snertne løysingar. Andre fiskarar har òg kome med forslag.

Anders  Tønjum
OPPFINNAR: Anders Tønjum, seier at Hedleteigen Gyrostation er eit resultat av 8 år med prøving og feiling. Her står han med "laksefiske-vadebukse-ruletten", som svigerfar Mons Frydenlund kalla den. Foto:  Sunniva Knutsen

– Svigerfaren min kom blant anna opp med det fengane namnet laksefiske-vadebukse-ruletten, kor me spylar og tørkar vadebukser, seier Tønjum med eitt smil. 

Sjå bileta av oppfinningane deira i botn av saka.

Tønjum meiner at det ikkje burde vera noko utfordring for Borgund å hiva seg med på desinfiseringstrenden:

– Lidenskapen for laksefisket er den same. Det er mange fiskarar som er særs uroa for dette. 

Ifølgje Tønjum er det ingen lokale fiskarar i Lærdal som er imot desinfiseringa, men at nokon argumenterar at det er for dyrt.

– Eg kjøper Virkon S, (eit stoff som tek knekken på gyroparasitten) for omlag 15.000 kroner, som dekker éin sesong, og man kan laga eit ganske profesjonelt anlegg med enkle løysingar. Så det er berre tull, sler han fast. 

– Kanskje det hadde vore ein ide å ha tre eller fire stasjonar i Lærdal som folk kunne kome til for å få desinfisert utstyret sitt. Det er ikkje noko me vil gjera for å vera vanskelege, men for å bevare fisken og merkevara som Lærdalselvi er for bygda, seier Tønjum. 

Anders  Tønjum
OPPFINNAR: Anders Tønjum, seier at Hedleteigen Gyrostation er eit resultat av 8 år med prøving og feiling. Her står han med "laksefiske-vadebukse-ruletten", som svigerfar Mons Frydenlund kalla den. (Foto:  Sunniva Knutsen)
Anders  Tønjum
DREP LAKSEPARASITTEN: Stoffet Virkon S, tek knekken på lakseparasitten gyrodactyl salaris. (Foto: Sunniva Knutsen)
Anders  Tønjum
SKINNANDE STØVLAR: Fleire meter med kopparrøyr, vannspreiarar og nokre meter med hageslange var det som skulle til for å få til dette vaskestativet. (Foto:  Sunniva Knutsen)
Anders  Tønjum
SPESIALVARE: I dette karet vert fiskestanga god som ny, og heilt smittefri. (Foto:  Sunniva Knutsen)
Anders  Tønjum
HEIMELAGA: I desse to badekara som rommar 200 liter kvar, vert alt utstyret lagt under vatn iblanda Virkon S, i 15 minuttar før det skyljast og tørkast. (Foto:  Sunniva Knutsen)
Til toppen