BEKYMRA: Anders Tønjum er opprørt etter at ei hending førre veke kunne ha ført gyro-parasitten tilbake i Lærdalselvi.
BEKYMRA: Anders Tønjum er opprørt etter at ei hending førre veke kunne ha ført gyro-parasitten tilbake i Lærdalselvi. (Foto: Sunniva Knutsen)

Elveeigar meiner Borgund må tilby desinfisering: – Dei driv russisk rulett med Borgundselvi

Det seier Anders Tønjum, grunneigar i Tønjumelvi i Lærdal.

Lærdal: Førre veke blei Tønjum kontakta av ein som tipsa han om nokre fiskarar som var på veg til å fiska i Borgundselvi utan å desinfisere utstyret sitt fyrst.

– Det er russisk rullett når det kjem ein gjeng for å fiska frå Østersund, og så har dei ikkje moglegheit til å desinfisera utstyret sitt i Borgund.

Tønjum er redd det atter ein gong skal bli gyrosmitte i Lærdalselvi. 

– Borgundvassdraget går rett ned i Lærdalselvi som har slitt med gyro i 20-30 år, og  kommunen har brukt masse pengar på å få ho frisk.

Tønjum:– Me balanserar på ein krigsveg

Han er opprørt over det som skjedde førre veke. 

Anders  Tønjum
RENSEANLEGG: Tønjum er oppteken av at alle desinfiserar utstyret sitt før fiske. Foto:  Sunniva Knutsen

– Me balanserar på ein knivsegg slik som det er no. Viss det blir brukt fiskeutstyr i Borgundselvi som er smitta av gyro, kjem det fort til Lærdalselvi att. Det er nok med ein halvliter vatn, eller berre ei badebuksa som er blaut. Berre dét er nok til å smitta opp att heile Lærdalselvi, seier Tønjum oppgitt.

Campingeigar med eige renseanlegg

Den som stogga risikoen for ny smitte førre fredag var Ole André Voldum ved Borgund Hyttesenter.

Han har eige reniseanlegg og reinsar for dei som kjøper fiskekort hjå elveeigarlaget i Borgund, jamvel om han er uavhengig av dei. 

– Det var tilfeldig at desse fiskarane budde på campingen til Voldum. Han sørga for at dei fekk desinfisert utstyret sitt, og det redda det heile denne gongen, seier Tønjum, og legg til:

– Han har gjort ein kjempejobb på sin elverett der oppe.

Voldum seier at det er viktig at dei som skal fiske i elva får moglegheiten til å desinfisera utstyret sitt.

– Det er for å verna elva, og det er viktig at elva held seg frisk. Du veit jo ikkje om andre fiskarar kan ta med annan smitte når dei kjem hit, så difor har me renseanlegg på campingen vår, sler han fast. 

Etterlyser tiltak frå Borgund elveeigarlag

Tønjum legg ikkje skjul på at dette er ei kampsak for han, og no etterlyser han tiltak frå Borgund elveeigarlag. 

– Eg er forundra over at dei som faktisk sit med moglegheit til å få til desinfisering og reinseanlegg ved Borgundselvi er så tafatt som dei er. Her er det brukt så mykje peng på å gjera Lærdalselvi gyrofri, og det minste ein kan gjera som elveeigar er å sørga for at fiskeutstyret blir desinfisert. 

Til det svarar, Knut Oppdal, i Borgund elveeigarlag følgjande: 

– Som eg tidlegare har nemnd til Anders, så blir dette ein del av evalueringa etter årets fiskesesong. 

Slapp unna denne gongen

Tønjum er glad dei slapp unna smitte denne gongen, men håpar fleire vil ta smittefaren på alvor.

– Me unngjekk risikoen denne gongen, men viss ikkje eg hadde blitt tipsa om dette kunne me risikert at dei fiska med utstyr som hadde smitta Borgundselvi.

Til toppen