GÅR SAMAN: Lærdal elveeigarlag og Borgund elveeigarlag går saman om å laga eit desinfiseringstilbod for fiskarar i Borgundselva for å hindra gyrosmitte. Bilete frå Anders Tønjum sin desinfiseringsstasjon på Tønjum i Lærdal.
GÅR SAMAN: Lærdal elveeigarlag og Borgund elveeigarlag går saman om å laga eit desinfiseringstilbod for fiskarar i Borgundselva for å hindra gyrosmitte. Bilete frå Anders Tønjum sin desinfiseringsstasjon på Tønjum i Lærdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Elveeigarlaga går saman om å tilby desinfisering for fiskarar i Borgundselva

Elveeigarane tek grep for å hindar gyro-smitte i lakseelvane.

Lærdal: Lærdal elveeigarlag SA og Borgund elveeigarlag SA har inngått ein avtale om å tilby desinfisering av fiskeutstyr til alle som fiskar i Borgundselva, som heng saman med Lærdalselva, går det fram av ei pressemelding. 

Avtalen går ut på at Borgund elveeigarlag etablerer ein stasjon for desinfisering på Borgund og er ansvarleg for dagleg drift. Lærdal elveeigarlag skal ta kostnaden og skal stå ansvarleg for kjøp av behandlingsmiddelet Virkon, som tek liv av gyro-parasitten. 

Anders  Tønjum
DREP GYRO: Behandlingsmiddelet Virkon eliminerar gyrosmitte ved fiskeutstyr. Foto: Sunniva Knutsen

Opplegget skal vera i drift før fiskesesongen 2019.

– Både Lærdal elveeigarlag og Borgund elveeigarlag er inneforstått med at det i dag ikkje er lovheimel for å krevja desinfisering før fiske i Borgundselva ovanfor Svartegjelet, i og med at dette i dag ikkje er anadrom strekning (strekning med laks og sjøaure).

– Partane er likevel samde om, og innstillte på, å gje god informasjon om opplegget med gratis desinfisering og viktigheita av å gjennomføre desinfisering før ein startar fisket. Borgund elveeigarlag vil oppmoda grunneigarar og fiskarar om å nytta seg av tilbodet. Partane er samde om å evaluere ordninga til hausten, heiter det i meldinga. 

Til toppen