STØRRE I FJOR: Snittvekta på laksen som sportsfiskarar fiska i fjor var større enn året før. Foto: Henning Urke.
STØRRE I FJOR: Snittvekta på laksen som sportsfiskarar fiska i fjor var større enn året før. Foto: Henning Urke.

Elvelaksen var større i fjor

Laksen som sportsfiskarane landa i elvane i Noreg i fjor, var større enn året før. Snittvekta auka frå 3,2 til 3,3 kilo for avliva fisk og frå 3,9 til 4,1 kilo for dei som fekk fridommen tilbake.

Årdal/Lærdal: Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Ein sterk generasjon som gjekk ut av elvane som smolt i 2013, gav det gode fangstresultatet med både fleire og større laks på kroken i elvane våre i 2015, seier fagsjef Erik Sterud i Norske Lakseelver til Nationen.

Ifølgje statistikken vart det tatt 350 tonn avliva laks i elvane i fjor, ein auke på 26 prosent frå året før. Fang-og-slepp-fangsten var på 103,5 tonn, som var 31 prosent meir enn i 2014.

Sjølv om laksefangstane aukar, er dei likevel under det halve av nivået for tretti år sidan. (©NPK)

Til toppen