Elvis: Dette er leonbergeren som har forsvunne i Fardalen-området. Privat foto
Elvis: Dette er leonbergeren som har forsvunne i Fardalen-området. Privat foto

Elvis er sårt sakna

Eigaren av Leonbergeren som er forsvunne i Årdal ber folk på tur i området rundt Fardalen vera ekstra op vakt.

– No driv me og leitar rundt hundepensjonatet og oppover mot Berdalen. Me veit ikkje korleis han har forsvunne. Han var under oppsyn og dreiv og leika med dei andre hundane, han hadde det veldig kjekt. Så skulle hundane fotograferast, og då var han plutseleg vekke, seier Jane-Kristin Lindstrøm-Bolme.

– Veldig snill

Hunden til familien forsvann laurdag ettermiddag, og dei anar ikkje kva retning han tok. Leonbergeren heiter Elvis og er ein stor hund på om lag 65 kilo, brun og grå. Lindstrøm-Bolme forsikrar at sjølv om Elvis er ein stor hannhund, må ikkje folk bli redde for å kalla han til seg.

– Elvis er veldig, veldig snill - ein familiehund. Rop "Elvis" om du ser han. Folk på tur i området rundt Fardalen må gjerne vera litt på vakt. Og om folk kan sjekka litt ekstra i garasjar og elles på stader ein hund kan opphalda seg, blir me kjempeglade.

– Ta kontakt med politiet

Ho har fått med seg familie og vener på leitinga. I tillegg er fleire andre hundar kopla inn i søket etter Elvis.

– Hundepensjonatet har vore storveges og fått tilkalla søkshundar. Elvis er stor og tung, ingen springehund, men han kan gå over lange avstandar. Me veit ikkje om han gøymer seg eller kanskje prøver å finna vegen heim. Han er i alle fall sårt sakna.

Til toppen