UNGT TALENT: Embla Nordheim er berre 15 år gamal. I kveld opnar ho Nasjonalparksfestivalen saman med Frida Hunshammer og Beatrice Juscaite frå Årdal.
UNGT TALENT: Embla Nordheim er berre 15 år gamal. I kveld opnar ho Nasjonalparksfestivalen saman med Frida Hunshammer og Beatrice Juscaite frå Årdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Embla (15) opnar Nasjonalparkfestivalen på Svalheim gard i kveld: - Er litt nervøs

Det unge talentet Embla Nordheim, Billie Holiday superfan og dottera til Årdals musikkhåp Odd Einar Nordheim, står i kveld på scena saman med to årdalsjenter.

Embla Nordheim (15), elskar funk, jazz og 50-tals musikk. Når ho i kveld, saman med to andre unge jenter frå Årdal, skal opna showet på Midtsommarfest på Svalheim Gard, vil ho visa nett det. 

I kveld skal ho blant anna syngja Going out of my head av Little Anthony & the Imperials og Where the boys are av Connie Francis, som er begge hit-låtar frå 1960-talet. 

Kanskje ikkje det ein hadde venta av ein 15 åring? 

Porten.no møtar ho på Hugin Musikkforum omtrent fire timar før showtime, kor Embla befinn seg, naturlegvis, i studio med ein mikrofon i handa. 

Det verkar nestan som om ho har drive med song i ei årrekke, medan ho med stor innleving syng Going out of my head, av Little Anthony & the Imperials, på lydprøva på Hugin.

Kor lenge har du drive med musikk? 

– Mamma og pappa er musikkentusiastar. Eg har vore involvert i musikk sidan eg var bitte-, bittelitan. Min første konsert var då eg var 10 år. I kyrkja på Siggerud der eg bur. Noko som heiter Grønn konsert der eg har vore med år etter frå eg var 10.

Er draumen å bli artist?

– Eg veit ikkje. Eg har lyst til å driva med musikk på sida, i alle fall. Eg trur at å vera artist er litt skummelt. Eg likar veldig godt å synga, og når eg får sjansen så tek eg som oftast sjansen.

Kva for sjanger likar du best?

Du kan ikkje spørre meg om det. Der er det ikkje berre eitt svar! Eg likar musikk er godt laga. Eg likar musikk som høyrest fint ut for meg. Som regel blir det musikk frå 1950-talet, så likar eg også funk og jazz - om eg må nemne nokre.

Korleis er det å spele med band?

– Eg tykkjer det er veldig gøy å spele med band. Me øvde saman for fyste gong i går. Det er veldig spanande, for me veit ikkje heilt kva me skal forventa.

– Men eg likar å spele saman med band betre enn å vera aleina på scena. 

Kvifor det?

– Eg har ein tendens til å bli nervøs! Eg prøver å berre nyte augneblinken, og heller å leve meg meir inn i songen.

Ein syngefamilie

Embla er fødd med musikk i blodet. Ho er nemleg dottera til Frid Brune Nordheim og Odd Einar Nordheim som blant anna vann Med blikket mot stjernene i 1996, og vart nominert til beste popsolist under Spellemannprisen 2001.

Embla fortel at dei er ein litan «syngefamilie»:

– Mamma, pappa, Aurora og eg reiser til forskjellige stader og synger på ulike eventar. Me kallar oss The Nordheims, ler ho. 

– Det er veldig koseleg. For meg som vert lett nervøs, så er det veldig deilig å kunne vera med familien for å vera litt trygg.

Denne gongen er pappa i salen. Korleis blir det?

– Det vert annleis! Det er første gongen eg syng utan familien min, forutan i skulesamanhengar.

Embla skulle eigentleg reisa til Årdal med buss heilt åleina, men pappa Odd Einar klarte ikkje tanken på det:

– Eg måtte vera med. Eg måtte få med meg at ho står på scena på Svalheim, skyt den stolte pappaen inn, med eit stort smil om munnen.  

Kvar kjem fasinasjonen for 50-talet frå, trur du?

– Nei, me var ute på veg til Årdal ein sommar for å besøke besteforeldra mine. Eg hadde snubla over ein song, og satt å høyrte på den. Så sa mamma og pappa at eg burde høyre på Billie Holiday.

– Eg berre: Hæ? Billie Holiday? Kven er det? Så starta eg å høyre på henne, som er frå 1930-, 40-, 50. Så starta eg å høyre på henne og vart skikkeleg fasinert av korleis musikken var då.

Ho fortel at ho nytta iTunes for å finna musikk frå tidleg 1950-talet.

–Det er ein sånn fancy radio, der man kan finne allslags musikk. Så eg fann fram 50-tals, Billie Holiday og funk, så eg fann så mykje forskjellig og blei heilt freilst.

Kva tykkjer du om listepop?

– Eg er ikkje så innmari fan av russesongar og slikt, det tykkjer eg vert for dumt. Det er mi personlege meining, folk må høyre på det dei vil. Andre popsangar kan jo vera veldig fine å høyre på, og dei sett seg på hjernen - Adele til dømes. Ho er jo veldig flink. Ho hald fram med å imponere!

Det kjem heilt ann på songen. Eg har ikkje noko imot popmusikk.

Men du syng helst 50-tals musikk?

– Ja, ler Embla.

– Men finn eg songar eg synes er fine frå notida, så syng eg sjøvsagt dei òg.

Klokka 21:00 står ho scena saman med Frida Hundshammer og Beatrice Juscaite og bandet på Svalheim Gard. 

Til toppen