I ACTION: Fremst i vogna sit Emma Nyløy og styrar fjordhesten Sofin. Ho vann tittelen greinmeister og laggull under årets NM Fjordhest på Stord, sjølv om solo-gullet rauk.
I ACTION: Fremst i vogna sit Emma Nyløy og styrar fjordhesten Sofin. Ho vann tittelen greinmeister og laggull under årets NM Fjordhest på Stord, sjølv om solo-gullet rauk. (Foto: Astrid Marie Årdal)

Emma (22) hadde éi grein att før NM-gullet var hennar, endte istaden opp på legevakta

Lustrajenta leia seniorklassen med eitt poeng, og kunne strekkja seg etter gullet på målstreken.

Stord/Luster: Under sitt femte NM i Fjordhest, kunne Emma Nyløy frå Luster sole seg i glansen. Etter fire dagar leia ho seniorklassen med eitt poeng. 

Femte og siste dagen av NM stemnet på Stord, gjenstod det berre ei grein; 80cm sprang. Framleis i leiinga, kunne lustrajenta sjå målstreken og gullet for seg. 

Nyløy fortel at den 16 år gamle fjordhesten Sofin, var kvikk og fin på oppvarminga.

HØGT PREMIERTE: 22 år gamle Emma, (t.h) og hesten Sofin har vunne fleire NM titlar saman. Blant anna greinmeister i køyring to år på rad, på NM Fjordhest. Foto: Astrid Marie Årdal

– Dette skulle gå bra. Og me gjekk for gullet, seier ho. Men på det sjette av dei åtte hindera, kom hesten litt dårleg ut.

– No stoppar me, tenkte eg, men det gjorde han ikkje og byrja hoppet. Eg gjorde meg klar, og stilte meg i posisjon; lett i setet, og bøyd framover og klar til å hoppa sjølv.

Men i siste sekund, trakk Sofin seg, og då var det for seint og Emma flaug over hinderet.

Endte på legevakta

Så, i staden for gull og ære på avslutningsseremonien, måtte lustrajenta tilbringa dagen hjå legevakta på Stord, og nøye seg med ein 7. plass. 

– Eit slikt fall går vanlegvis veldig fint, men eg var litt uheldig og traff rett på ein bom, som eg fekk midt i ryggen. Dei var litt redde for at eg hadde brote noko, seier Nyløy. 

Ho fekk dermed ikkje fullføra klassen, og gullet rauk på målstreken, på den siste dagen av stemnet.

– Eg fekk 0 poeng på 80 cm sprang, og me datt ned på ein 7.plass. Hadde eg falt av etter å ha kome i mål hadde det vore godkjent, men sidan eg datt under utføringa var eg eliminert frå greina.

Ho kom seg unna fallet utan brot eller brist, heldigvis, men fortel at det jamvel var smertefullt i nokre dagar etterpå. 

– Greinmeister for andre år på rad

Jamvel slapp Nyløy å venda snuten heimover heilt tomhendt, sjølv om solo-gullet rauk.

For etter å ha gjort det godt i øvingane dressurridning, middels maraton og dressurkøyring maraton presisjon, vann ho den gjeve tittelen Greinmeister i køyring. 

Ho vann òg klassen NM lag, saman med Silje Indrebø og Maren Rognø Vevatne, kor Emma konkurrerte i køyring, medan Silje konkurrerte i dressur og Maren i sprang.

NM Fjordhest

  • Vert arrangert årleg.
  • I år var Stord vertskap, og arrangementet varte i fem dagar mellom 25. - 30. juni. 
  • Totalt 112 ekvipasjar stilte. 
  • «Køyring» er ein klasse kor ryttaren sit i vogn bak hesten og styrar. 

– Alt i alt er eg strålande nøgd! Eg har no teke mitt 3 NM lag gull, samt eg har blitt greinmeister i køyring to år på rad, seier ho.

Emma har delteke i fem noregsmeisterskap frå og med 2014. I 2014, 2016 og 2018 vann ho laggull, og i 2017 og 2018 vart ho greinmeister i køyring.

Held på hestehobbyen

Den hesteglade 22-åringen fortel ho har drive med hest i omlag ti år, i tillegg til å ha konkurrert  dei siste seks åra. 

No studerer ho til ei bachelorgrad i husdyrvitenskap hjå Ås i Akershus, og framover har ho inga planar om gje slepp på hestehobbyen.

– Eg tenkjer at eg vil skriva ein bachelor om hest, og så ta ein master i noko og deretter eit år med pedagogikk for å bli lærar på naturbrukslinja ein stad. 

Konkurransemessig vil ho òg halde fram: 

– Planen for neste år er Nordisk meisterskap for Fjordhest i Vilhelmsborg, Danmark i august, så får eg sjå om eg får med meg NM Fjordhest i tillegg, eller om eg må stå over der og spara krefter.

Til toppen