Emmas store turdag på Maristovedilten

Emma Bøe (5) står på startstreken og kastar sekken over ryggen. Ho er klar for Maristovedilten.

Kyrkjestølen: – Eg gler meg til eg kjem i mål. Då skal eg få ein flott premie, seier Emma, som var med besteforeldra Rolf Steinar og Anne Bøe på Maristovedilten laurdag.

Maristovedilten går frå Kyrkjestølen og over til Maristova og er 10,4 kilometer lang. Dilten går i generalvegmeister Christopher Johannes Hammer, som bygde vegen i 1793, sine fotspor.

I 38 år har ein trufast gjeng gått denne strekninga som ein god tradisjon. Strekninga er ein del av Kongevegen over Filefjell.

Kongevegen blei tildelt Vakre vegars pris i fjor og i desse tider pågår det mykje arbeid med vegen, både reint fysisk og i form av ulike prosjekt, for å gjere dette til ein stor attraksjon i både Lærdal og Vang.

Dei første åra med Maristovedilten var det konkurranse og tidtaking, der det var om å gjera å koma først over fjellet, men i dag er det ikkje slik lenger. No kan ein leggja opp turen slik ein vil med pausar og matpakke. 

Dei som går denne ruta blir registrert, og det blir delt ut premiar etter kvart som ein har delteke på mange turar.

For Emma sin del var dette den tredje turen, noko som betyr premier. Etter tre timar var det framleis mykje liv i det korte beina som sprang mot mål.

Dagfinn Tufte, som er medansvarleg for dilten, er den einaste som har gjennomført samtlege 38 løp. 

– Me er veldig nøgde med oppmøtet. Her strøymer det på med folk i det flotte vêret, og no har me over 50 påmelde, fortalte han 15 minuttar før start.

Totalt var det 159 som deltok, 35 av desse for første gong. 

Til toppen