MÅLFARLEG: På sitt beste var han ikkje berre stødig i midtforsvaret, men òg farleg framover på bana. Mot Start i 2016 vart det to mål i èin kamp, for første gang i karriera som fotballspelar. Så glad vart han då.
MÅLFARLEG: På sitt beste var han ikkje berre stødig i midtforsvaret, men òg farleg framover på bana. Mot Start i 2016 vart det to mål i èin kamp, for første gang i karriera som fotballspelar. Så glad vart han då.

Emosjonelt «adieu» for franskmannen då han pakka skoa for å reisa frå Sogndal

Etter fire år i saftbygda er Christophe Psychè klar for Baník Ostrava i den tsjekkiske toppdivisjonen. Det vart ein kjensleladd avskjed for den omtykte sogndalsstopparen.

Sogndal: – Det er trist å reisa frå Sogndal, her har eg hatt det veldig fint, sa ein litt rørt Psyché då han var innom og henta tinga sine tidlegare i veka, ifølgje klubbens eigne nettsider.

POPULÆR MANN: Christophe Psychè var ein godt likt mann på Fosshaugane, men fekk diverre fjorårssesongen øydelagt på grunn av skadar.

Franskmannen kom til Sogndal i 2014 og har fått 79 kampar og skåra heile sju mål for klubben. I 2016 var han ein av dei beste spelarane på laget, og ein viktig grunn til at Sogndal sikra ny kontrakt i Eliteserien med god margin. I 2017 var han diverre skada store delar av året og fekk berre seks kampar.

– Eg har vore her lenge no, lenger enn nokon annan plass eg har vore som fotballspelar. Det er ikkje lett å dra herifrå for siste gong. Det er mykje eg vil sakna, seier Psychè.

Kontrakten med Baník Ostrava er på 2,5 år. Sambuaren og dottera, som til no har budd i Belgia, blir med på flyttelasset.

– Christophe har vore ein lojal og særs god spelar i kvitedrakta, det er difor litt trist at han no reiser frå oss. Samstundes er me veldig glade for at han går til ein klubb i den tsjekkiske toppdivisjonen, der han får sjansen til å utvikla seg vidare som fotballspelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubbens nettsider.

Til toppen