TAP: Sogndal gjekk på eit nytt tap, då dei tapte 2-1 mot HamKam på bortebane.
TAP: Sogndal gjekk på eit nytt tap, då dei tapte 2-1 mot HamKam på bortebane. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Både sjølvmål og keepertabbe. Nok ein dyster dag for Sogndal.

Tapte mot HamKam på Briskeby stadion.

HamKam-Sogndal: 2-1 (0-1)

Sogndal stod utan siger på tre kampar før bortemøtet mot HamKam laurdag ettermiddag. Der tok Bakke sine menn styringa i kampen frå start, og etter 34 minutt skåra Peter Godly Michael sitt første mål for sogndølene. 

Etter pause pressa HamKam ein periode på Sogndal, og det lønna seg. I det 64. minutt skårar Kristoffer Hoven sjølvmål for Sogndal. Så slår heimelaget til igjen, og tek leiinga etter ein keepertabbe skårar Jo Nymo Matland.

Stillinga held seg slik, og Sogndal gjekk på eit nytt surt tap.

Sogndal ligg fortsatt på andre plass i OBOS-ligaen, seks poeng bak Tromsø. På tredjeplass ligg Lillestrøm med 39 poeng med to kampar mindre spelt. Neste kamp er heime mot Jerv den 28. oktober.

Porten.no skreiv først at neste kamp er borte mot Jerv den 28. oktober. Etter at journalisten fekk ei påpeiking at kampen blir spelt heime, er dette retta opp i.

Til toppen