SOGNDAL: Den smitta var i karantene som nærkontakt.
SOGNDAL: Den smitta var i karantene som nærkontakt. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

KORONAVIRUS

Enda ein ny person smitta i Sogndal

Fredag morgon melder Helse Førde at ein person som har adresse i Sogndal kommune er smitta av koronaviruset.

Sogndal: Helse Førde har analysert 253 koronatestar det siste døgnet. Det er kun ein ny positiv prøve, og helseføretaket opplyser om at den smitta har adresse i Sogndal kommune. 

Sogndal kommune melder om at den smitta har vore i karantene som nærkontakt og at smittekjelda er kjend. Det er ingen nye nærkontaktar etter dette tilfellet. 

Til toppen