Årdal: I ei pressemelding opplyser Årdal kommune at dei vart varsla om ein ny person som har testa positivt for korona sundag 1. november.
Personen er frå utlandet og kom til Årdal for å arbeida i ei verksemd som har eit oppdrag for kommunen. Vedkommande er i isolasjon og får oppfølging av kommunen.
– Kommuneoverlegen ser ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet og sitasjonen er førebels under kontroll, skriv Årdal kommune i pressemeldinga.
Måndag morgon er det totalt to personar som har påvist smitte i kommunen.