MÅL: Fredrik Flo spelte frå start i 9-0 sigeren mot Tornado Måløy og skåra 4 mål. Foto: Arkiv
MÅL: Fredrik Flo spelte frå start i 9-0 sigeren mot Tornado Måløy og skåra 4 mål. Foto: Arkiv

Endå ein storsiger på heimebane for Sogndal 2

Det blei årets andre 9-0 siger på heimebane for Sogndal 2.

Sogndal: Sogndal 2 - Tornado Måløy 9-0

Sogndal 2 vann overbevisande med 9-0 mot Tornado Måløy på heimebane etter å ha gått til pause med 2-0. Etter ein liten halvtime oppna Flo skåringsfesten og berre to minutt seinare dobla Lereim Olsen stillinga.

 – Tornado starta kampen agressivt og dei ville noko. Det var jo moro, seier trenar Jon Arild Halland etter kampen. – Etter kvar så skapar vi meir og klarer å skåra mål. Spesielt andre omgang var det einvegskøyring.

Dette er ikkje første gong Sogndal 2 vinn med 9-0 denne sesongen. Alle heimekampane i serien endå i siger og med mange mål. På bortebane derimot har det endå ikkje blitt noko poeng for Sogndal 2. – Det er jo ikkje første kamp vi har vunnet overbevisande, så det hjelpe mot neste kamp, seier Halland.

Neste kamp er cupkampen borte mot Hallingdal. – Det blir ein heilt anna kamp. Vi kjenne lite til Hallingdal og det er på bortebane.

Kvifor Sogndal 2 har så store utfordringar på bortebane samanlikna med heime kan ikkje Halland svare på. – Det skal ikkje ha så mykje å seie. Men resultatet seier at vi har ein nøtt å knekke.

Til toppen