DET SKJEDDE IGJEN: Sidan nyttår har det vore meld om fleire slike masseslagsmål i Sogndal sentrum.
DET SKJEDDE IGJEN: Sidan nyttår har det vore meld om fleire slike masseslagsmål i Sogndal sentrum. (Foto: arkiv)

Endå eit masseslagsmål i Sogndal

Natt til sundag var det uro i Sogndal sentrum igjen. Ingen skal ha blitt skadd.

Sogndal: – Det er framleis litt uoversiktleg om kva som eigentleg skjedde i natt, seier Arve Samsonsen hjå Politiets operasjonssentral.

I halv to-tida natt til sundag fekk Politiet melding om eit slagsmål i Sogndal sentrum. Kring ti personar skal ha vore involvert. Det kom også meldingar om at nokon som slåst hadde balltre og kniv. Dette synte seg å vere feil.

– Situasjonen var ganske roleg då patruljen kom til staden. Dei tok kontakt med vitner og gjorde fleire avhøyr, seier Samsonsen.

Ingen skal ha vore skadd etter slagsmålet. So vidt politiet kjenner til var det ingen som oppsøkte helsehjelp.

– Det vert oppretta sak, og me kjem sikkert til å gjere fleire avhøyr til veka, seier Samsonsen.

Til toppen