SENTERPARTIET: Liv Signe Navarsete.
SENTERPARTIET: Liv Signe Navarsete. (Foto: Therese Espeland)

– Enda meir feilinformasjon frå Elvenes og Høgre om Senterpartiets forsvarspolitikk

Debatten mellom Høgre og SP fortsetter.

Meiningar: I eit nytt debattinnlegg på Porten.no 15.12.20 kjem Hårek Elvenes og Høgre nok ein gong med direkte feilinformasjon kring Senterpartiet sin forsvarspolitikk.

Dei siste dagane har ein vore vitne til at Høgre er ute i fleire av landets aviser på ulike politikkområde og malar eit bilete av vår politikk som ikkje stemmer med fakta. Det synest som om Høgre har vore i USA og lært om falske nyhende hjå president Trump. Det tykkjer me er synd, og øydeleggjande for den politiske debatten.

Undrar seg over Høge sin satsing

Senterpartiet undrar seg enno over at Høgre evnar å selje ut semja dei fekk til saman med støttepartiet FrP kring langtidsplanen som ei historisk satsing på Forsvaret, når det på ingen måte er tilfellet.

Me må framleis understreke til det keisame at denne langtidsplanen ligg langt under forsvarssjefen sitt lågaste ambisjonsnivå, for kommande fireårsperiode. Det er det som er sanninga.

Det kan verke som Høgre meiner at ei semje mellom regjeringa og Frp i seg sjølv fører til ei styrking av forsvarsevna. Det meiner Senterpartiet ikkje er tilfellet.

Når denne semja ikkje fører til at Noreg får eit forsvar som er sett i stand til å møte dei tryggleiksutfordringane som me står ovanfor, kan ikkje me sjå at denne semja er ei styrke.

Milliardsummar

Sverige skal auke forsvarsbudsjettet med 29 mrd. svenske kroner fram mot 2025, Finnland doblar forsvarsbudsjettet sitt for 2021 og Storbritannia har funne rom til å bruke 4 mrd. pund, altså om lag 45 mrd. kroner meir årleg fram mot 2024.

Den norske høgreregjeringa skal bruke rundt 2 mrd. kroner meir årleg. Det er med andre ord eit stort avvik mellom satsinga på forsvaret i Noreg, samanlikna med våre naboland.

Senterpartiet er klar over at ein ikkje direkte kan samanlikne forsvarsbudsjett med desse landa, men det er likevel svært underleg for oss at den norske regjeringa les tryggleiksituasjon så vesentleg annleis enn våre naboland.

Jau Elvenes, ein kan drifte ein kadrebasert, mobiliseringsbrigade Sør for om lag 200 mill. kroner årleg.

Kraftkamp, volum og uthandenheit

Ein Brigade Sør vil kunne vere sett opp med bruk av materiell som finst i Forsvaret i dag, vere kadrebasert, understøtta av Forsvarets eksisterande logistikksystem med bruk av sivile og militære ressursar, og verte styrka med materiell som skal utfasast frå andre avdelingar. I våre rekkjer har me fleire som i tidlegare tider har arbeidd med tilsvarande organiseringar.

Senterpartiet er opptatt av å sjå på gode og fleksible løysingar som vil kunne auke kampkraft, volum og uthaldenheit i forsvaret vårt i tida som kjem. Det meiner me at ein kadrebasert Brigade Sør er eit godt døme på.

Så veit Elvenes også særs godt at vidareutvikling av NASAMS ikkje kompenserer for mangel på langtrekkjande luftvern. I forsvarssjefen sin kommentar til langtidsplanen var også dette understreka.

– Elvenes treng ikkje vere uroa

Det var ikkje vilje frå regjeringa til å auke ramma for langtidsplanen og då var det heller ikkje høve til å diskutere kjøp av langtrekkjande luftvern. Høgre var bremsen for at det ikkje ligg ein plan for korleis jagarfly til nærare 100 mrd. kroner skal vernast av langtrekkande luftvern før på 2030-talet.

Senterpartiet har funne 1,5 mrd. kroner meir på 2021 budsjettet til forsvar, enn høgreregjeringa har gjort. Me kjem også i komande år til å prioritere Forsvaret vårt, for me meiner forsvaret av Noreg er statens viktigaste oppgåve.

Så Elvenes du treng ikkje uroa deg over dei påståtte «tomme lovnadane» frå oss.

Det som derimot bør uroa deg er mangelen på ambisjonar for det norske forsvaret frå ditt eige parti, samt at di eiga regjering har vedtatt ein langtidsplan som ikkje er i nærleiken av å svare ut dei tryggleikspoltiske utfordringane som landet står ovanfor. Det gir grunn til uro.

Til toppen