VEKST: Ikkje sidan 2013 har Årdal hatt ein så betydeleg folketalsvekst som i andre kvartal i år. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VEKST: Ikkje sidan 2013 har Årdal hatt ein så betydeleg folketalsvekst som i andre kvartal i år. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Endeleg er det folketalsvekst i Årdal

Ikkje sidan fjerde kvartal i 2013 har Årdal kommune hatt ein så betydeleg folketalsvekst. 

Årdal: Dei ferske tala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at Årdal er ein av vinnarane i Indre Sogn med ein folketalsvekst på 17 i andre kvartal i år. Det gler ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) seg over.

Sjå tala for din kommune i faktaboksen til høgre eller nedst i artikkelen.

– Viss eg har tolka tala riktig, er flesteparten av dette personar som har flytta til kommunen frå ein annan stad i Noreg. 17 pluss er veldig positivt. No må me jobba for å behalde den trenden, seier han.

STABILT: Terje Laberg trur stabilisering i nedbemanninga til Hydro spelar ei viktig rolle. Arkiv
STABILT: Terje Laberg trur stabilisering i nedbemanninga til Hydro spelar ei viktig rolle. Arkiv

Endeleg vekst

Dette er første gongen sidan fjerde kvartal i 2013 at Årdal har hatt så betydeleg vekst. Den gongen var folkeveksten på 52. I andre kvartal i 2015 var veksten på 1. I alle andre år har tala hatt minus som forteikn.

Dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, trur dette heng saman med at Hydro er i ferd med å stabilisere bemanninga si.

– Grunnlaget for å auke folketalet er arbeidsplassar. Me hadde ein fin vekst på det i fjor. Når Hydro har hatt nedbyggjingsperiode dei siste 15 åra og plutseleg ikkje byggjer ned, så ser me at resten av næringslivet veks sakte, men de har drukna i at Hydro har bygd ned meir enn me har klart å skapa, seier han.

– Viss dei stabiliserer seg, kan me kanskje sjå vekst framover.

Attraktive arbeidsplassar

Årdal slit framleis med negativt fødselsoverskot, men Laberg trur ein kan nå balanse i år, men då trengs det 55 til 65 nyfødde kvart år.

– Den store utfordringen no er at me klarar å etablere arbeidsplassar for jenter og gutar, og ikkje minst at jentene vil bli i Årdal og at ein har attraktive jobbar som gjer at dei søkjer seg hit. Viss me har interessante arbeidsplassar for begge kjønn, vil kanskje fødselstalet auke naturleg nok.

Han legg til at det i dag er for mange «mannlege arbeidsplassar» bygda, men trur at med satsing på helse og reiseliv kan dette balansere seg ut. 

GLAD: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er glad for den positive folketalsveksten. Arkiv
GLAD: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er glad for den positive folketalsveksten. Arkiv

Fokus på innleige

Ei anna viktig utfordring Laberg meiner det må vere meir fokus på er at dei store bedriftene leiger inn folk i staden for å tilsette.

– Når ei bedrift får auka oppdrag, er det første ei gjer at dei utnyttar folka dei har for fullt, og dermed aukar innteninga. Så kjem bedriftene i dilemma. Skal dei tilsette eller er det slik at oppdraga ikkje er langsiktig nok? Då leiger dei inn folk frå utlandet, og dermed går Årdal glipp av vekstinnpuls og skatteinntekter.

Lægreid seier at kommunen no skal jobba vidare med å skaffe nye arbeidsplassar til kommunen.

– Det er vanskelegare enn det høyrest ut, men det blir jobba med kvar dag. 

Til toppen