– Endeleg er julemånaden her

– Eller, det er enno seks dagar til, seier Rebekka Skålbones (5) medan fakkeltoget nærmar seg torget på Tangen. For det er jo klart ho gler seg til jul. 

Årdalstangen: Heile plassen utanfor Rema 1000 vart fyllt med fakkelberande ungar med foreldre, før dei bana veg ned mot torget på Tangen. Først ut i toget gjekk Årdalstangen musikklag med nisseluer og note-lys, som sette følget i den rette julestemninga.

  • Sjå også det store biletgalleri øvst i saka. 

Artikkelen held fram under biletet

FAKKELTOG: Store og små bana ved ned til torget for å endeleg kunne starte på juletida.
FAKKELTOG: Store og små bana ved ned til torget for å endeleg kunne starte på juletida.

Men ved busshaldeplassen på torget var det full stopp til så mange som mogleg hadde samla seg rundt utstillingsvindauga. I lag telde følget ned til den store avdukinga av peparkakelandsbyen fann stad. 

– Nei men, sjå, kjem det som eit sus frå folkemengda. 

Då var alt nokre av ungane borte ved til glaset for å sjå etter sitt bidrag til den lysande kakelandsbyen, som var dekorert med det meste som høyrer jula til.

Artikkelen held fram under biletet

AVDUKING: Initiativtakarane Margot Strøm og Ingrid Nordbye-Antonsen stod klar for å avduke peparkakelandsbyen på Årdalstangen.
AVDUKING: Initiativtakarane Margot Strøm og Ingrid Nordbye-Antonsen stod klar for å avduke peparkakelandsbyen på Årdalstangen.

Stian Langeteig (7) går i andre klasse på Tangen skule. Han leitar, men kan ikkje sjå peparkakekunsten han har vore med å laga på skulen.

PEPARKAKE-BAKAR: Stian Langeteig (7) går i andre klasse på Tangen skule, og har laga til peparkakehus på skulen. 
PEPARKAKE-BAKAR: Stian Langeteig (7) går i andre klasse på Tangen skule, og har laga til peparkakehus på skulen. 

Då det kom inn heile 24 bidrag til landsbyen, frå frivillige, skulen og barnehagane på Tangen, var truleg den Stian har vore med å laga i peparkakeutstillinga på rådhuset rett over vegen. 

Då julegrana endeleg var tent, forsvann ungane som virvelvindar for å sikre seg plass i køen borte hos dei to nissane frå Tangen køyre- og rideklubb, som stod klare med 310 godteposar. Dei hadde også hadde med seg hest kledd for høvet, som ungane sjølvsagt også måtte innom i vogna å helsa på. 

I tillegg for var det laga til marknad i kjellaren på det gamle Tiskú-lokalet, der folk kunne sikre seg både heimelaga bakst og sjølvstrikka kreasjonar. 

  • Send oss dine bilete ved å bruka #mittporten på Instagram. 

Hugs også å få med deg julegrantennninga i Øvre Årdal torsdag. 

LIV OG RØRE: Frå no vil det berre gå slag i slag inn i juletida. Frammøtet til tenninga av julegrana på Tangen, var det i alle fall ikkje noko å seie på.
LIV OG RØRE: Frå no vil det berre gå slag i slag inn i juletida. Frammøtet til tenninga av julegrana på Tangen, var det i alle fall ikkje noko å seie på.
Til toppen