– HEIME ATT: Politiet i Indre Sogn har endeleg fått på plass ei ny maje etter at den gamle havarerte. – No er den heime att, seier lensmann i Årdal Magne Knudsen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
– HEIME ATT: Politiet i Indre Sogn har endeleg fått på plass ei ny maje etter at den gamle havarerte. – No er den heime att, seier lensmann i Årdal Magne Knudsen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Endeleg er ny politibil på plass

– Eg er ganske stolt no, seier lensmann i Årdal Magne Knudsen. 

Årdal: Heilt sidan sommaren 2015 har Indre Sogn vore utan ei såkalla maje, ei uniformert cellevogn. Det er det endeleg slutt på no.

For då politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad vitja Sogn denne veka, hadde han med seg ein splitter ny Mercedes Vito som skal erstatte den gamle. Det var Sogn Avis som først skreiv saka.

– Det var ei god kjensle å køyre den nye bilen frå Lærdal til Håbakken. Me hadde eit lite opplegg i forkant slik at me fekk framskunda leveransen til han skulle koma. Det var litt gimmick slik at han skulle få overlevere bilen. No har eg nettopp snakka med leverandøren og takka for kjempeservice, seier Knudsen til Porten.no torsdag føremiddag.

STOLT: Det var ein stolt lensmann som kunne fortelje at dei endeleg har fått på plass ei ny maje.
STOLT: Det var ein stolt lensmann som kunne fortelje at dei endeleg har fått på plass ei ny maje.

Splitter ny

Etter at eksisterande bilen havarerte fekk politiet i Indre Sogn låne bil av både Sogn og Hordaland, men medan den første vart avskilta fordi han var i så dårleg forfatning, passerte ikkje den andre teknisk kontroll og vart sendt tilbake til Bergen.

I tida etter har politiet operert med fire bilar, der den eine er sivil. Dette har prega arbeidsdagen til dei tilsette som gjerne må køyre til Lærdal for å låne bil. I utgangspunktet skulle Indre Sogn få ein bil frå Førde, men i staden får dei no altså ein splitter ny.

– Det var ein 300 000 kilometersak, som me takka nei til. Denne er heilt ny, og det er ein fantastisk bil. Eg er ganske stolt, seier Knudsen.

Skapt utfordringar

Lensmannen forklarar kvifor det er så viktig å ha ein slik type politibil i tillegg til dei vanlege.

– Me har lange avstandar, der me anten må til Sogndal, Førde eller Florø til sentralarresten, og så har ein anna type transport som til sjukehus. Då er det godt med ein bil som eignar seg til det.

– Det har vore ei utfordring i at me har mangla køyretøy og logistikkmessig når det gjeld vakt og beredskapsbilen. Det har gitt oss ein del utfordringar ved at me måtte til Lærdal og Aurland å bytte. 

Politiet har også mykje utstyr i bilane, og det har ført til noko problem knytt til overvekt. Det slepp dei no.

– Blir det fleire arrestar no som de har bur eller?

– No har me bur, men me får håpa me slepp å ha så mange kundar, smiler Knudsen.

Til toppen