Birgit Neset og Merete Kvist Rydvang hadde ikkje anna enn entusiastisk glede for bruopninga.
Birgit Neset og Merete Kvist Rydvang hadde ikkje anna enn entusiastisk glede for bruopninga. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Endeleg er nyebrua opna: – Eit smykke for bygda

Fredag vart ein stor opningsdag for sogndølar. Dei fekk opna både Loftesnesbrui og Fjordstien.

Sogndal: Nesten eitt år etter den første bilen kryssa sundet ved Loftesnes på nybrua var det i dag endeleg tid for offisiell opning. Ikkje overraskande var arrangementet prega av regn, glade tilskodarar og føreseielege talar.

– Om det regnar meir enn no får eg nesten heimlengsel, sa Helge Eidsnes, sjef i Statens vegvesen Region vest frå teltet der han haldt tale.

Eidsnes er bergensar, so det skildrar godt korleis vêret var i Sogndalsfjøra under opninga. Det stogga ikkje fleire hundre å ta turen for å få med seg korpsmusikken, snorklipping og kaffi i pappkrus.

Nye Loftesnesbrui på opningsdagen
Vêret stogga ikkje hundrevis å leite fram paraplyen frå langt baki skåpet for å få med seg dagens hending på Loftesnes.  Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– No føler eg meg mykje tryggare

To av dei som trassa regnet for å få med seg opninga var Merete Kvist Rydvang og Birgit Neset. Dei var flittige å bruke gamlebrua, men seier oppgraderinga gjer turen over fjorden uendeleg mykje meir behageleg.

– Eg var livredd kvar gong trailerane køyrde forbi før, seier Rydvang, som ofte spring over brua.

Men den kvite, nye stålkonstruksjonen me stod under lear seg ikkje, sjølv for dei største bilane. I anledning opninga er den til og med pynta med både norske flagg og Sogndal sitt kommunevåpen.

– Ja, dette her er verkeleg eit smykke for bygda, seier Neset.

Les også: Loftesnesbrui kan vinna europeisk pris

Nye Loftesnesbrui på opningsdagen
Nye Loftesnesbrui var pynta for opningsdagen Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Snorklipping som perler på ei snor

– Eg kan ikkje skryte på meg å vere sæskild reisevand, so eg har ikkje sett Golden Gate Bridge i USA, men dette er den flottaste brua eg har sett, sa sogndalordførar Jarle Aarvoll då det var hans tur å stå med mikrofonen.

Mellom musikkinnslag, korps og artige historier av Jon Navarsete frå då gamlebrua vart bygd, var det seks-sju som haldt tale. Etter tredje gongen med takk til dei innvolverte, gratulasjonar til sogndølar og skryt av kor viktig brua er for sentrumsutvikling, mistar ein fort teljinga på politikarar og leiarar som har noko på hjartet.

Men trass i noko uoriginale talar var publikum entusiastiske for både kunstskulpturar og sjølvsagt bruopninga.

Jarle Aabø, Jenny Følling, Brage Baklien opnar nye Loftesnesbrui
Sogndalsordførar Jarle Aarvoll, Fylkesordførar Jenny Følling og statsråd Brage Baklien verka alle nøgd for å få opne nye Loftesnesbrui Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Dette vart ikkje ordførar Aarvoll si siste snorklipping for dagen. Rett på andre sida av fjorden var det tid for nye talar og fleire blomeutdelingar og fleire snorer å klippe. Den nye fjordstien vart også opna denne regntunge fredagen, og berre to hundre meter og ti minutt etter kunne Aabø klippe ei ny snor, denne gongen for Sogndal Turlag sitt nye kajakktilbod.

Fredag vart verkeleg ein stor opningsdag for sogndølar.

Les også:  Nye fabrikken til Lerum offisielt opna: – No er alt samla under eit tak

Fjordstien i Sogndal
Fjordstien vart også opna samstundes som Sogndal Turlag skipa sitt nye kajakktilbod.  Foto: Josef Benoni Ness Tveit
Til toppen