NY KVARDAG: Magnus Midtvoll har sjølv vore bonde i Lærdal, og set pris på å få lokalprodusert frukt og grønt på middagsbordet.
NY KVARDAG: Magnus Midtvoll har sjølv vore bonde i Lærdal, og set pris på å få lokalprodusert frukt og grønt på middagsbordet. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Endeleg får dei eldre her lokale smakar på menyen

Bøndene i Lærdal produserer alt frå poteter og gulrøter, til moreller og aprikosar. Men aldersheimen fekk ikkje servera noko av det, før no.

Lærdal: – Eg kjenner godt han som har levert potetene her i dag, det er han Rikard det, seier Magnus Midtvoll, som er ferdig med middagen og er godt i gong med desserten.

Den pensjonerte bonden et alle måltida sine på bu- og omsorgsheimen i Lærdal, og set pris på at dei no endeleg får lov til å ha lokale frukt- og grøntvarer på menyen. 

Det skulle berre mangle, meiner han, i ein landbrukskommune som Lærdal.

– Me treng ikkje ta inn varer frå andre når me har dei sjølve. Du finn ikkje betre varer andre plassar enn her, seier Midtvoll.

JORDEPLE: Kjøkensjef Brita Einemo er stolt over å ha lærdalspoteta på menyen.  Foto: Halvor Farsund Storvik

Fann opning i byråkratiet

Lærdal har som dei fleste andre kommunar i fylket felles innkjøpsavtalar som blir administrerte av fylkeskommunen. Fordelen er at dei sparar pengar, bakdelen er at dei mistar valfridom.

Kjøkenleiar Brita Einemo seier det har vore trist å ikkje kunne nytta dei ferske råvarene bøndene i Lærdal produserer rett utanfor døra.

– Det var frykteleg frustrerande, for du ser åkrane og du ser potetene blir køyrde ut frå bygdi. Det er ikkje noko kjekt. Og så er det noko med smaken, seier ho.

Byråkratiet skulle visa seg å ikkje vera så urokkeleg som ein kanskje skulle tru. Etter å ha argumentert overfor både fylkeskommunen og grossisten, fekk ho dei til slutt på gli.

STILLER OPP: Runar Fardal var ikkje tung å be då psykiatritenesta vart spurde om dei kunne hjelpa med leveransane. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Dei òg ser verdien av at dei eldre veit kvar maten kjem frå, og den gleda det gir, seier ho.

Får varene levert på døra

Den 21. juni kunne ho henta den første leveransen frå Lærdal Grønt ein kilometer unna.

– Det er me veldig glade for. Det betyr masse både for dei eldre og oss som lagar maten. Det viser seg at det let seg gjera viss du står på, seier Einemo.

Ho ser det som eit viktig steg i rett retning, men skulle gjerne skulle sett at dei kunne støtta enno fleire lokale produsentar, som Lerum, Haugen Gardsmat og Lærdalsmat.

Dei første gongane måtte kjøkensjefen henta frukt- og grønsakene sjølv. Frå no av vil ho kvar tysdag få dei på døra av brukarar frå psykiatritenesta.

– Dei spurte om me kunne vera med og hjelpa. Eg stiller opp, veit du, må jo det. Så er det godt å komma seg ut òg, seier Runar Fardal.

Han tykkjer det er topp å kunne bidra til at dei eldre no får sesongferske råvarer på menyen.

– Me skal ikkje bruka importert, når me har det sjølve. Det er viktig, seier han.

SMAKSPRØVE: Kjøkensjef Brita Einemo spanderer jordbær som takk for hjelpa. Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen