MILLIONTILSKOT: Otternes bygdetun er ei historisk perle i Aurland som dei siste åra har måtta tole stort forfall. No kjem tilskota som gjer at restaureringa kan starte. Foto: arkiv. 

Endeleg får det historiske bygdetunet midlar til restaurering

Otternes bygdetun har fått over ein million i tilskot, noko som gjer det mogleg å starte restaureringsarbeidet allereie i år.

Aurland: Det kom fram då Terje Horvei (V) på torsdagens møte i kommunestyret etterlyste status på arbeidet med å ta vare på og få til drift på det historiske bygdetunet. 

– Me ser kva som skjer når tunet ikkje er i bruk, sa han og sikta til forfallet som har vore dei siste åra.

Les også: Ho er fortvila over forfallet på det historiske bygdetunet i Aurland

GLAD ORDFØRAR: Ordførar Noralv Distad gler seg over at restaureringa av Otternes kan starte allereie i år og meiner det viser at dei gjorde rett i å opprette stiftinga.
GLAD ORDFØRAR: Ordførar Noralv Distad gler seg over at restaureringa av Otternes kan starte allereie i år og meiner det viser at dei gjorde rett i å opprette stiftinga.

Ordførar Noralv Distad kunne fortelje at han nyleg hadde vore i møte med sjefen for stiftinga, Jon Skjerdal, som i sin tur hadde gode nyhende å kome med:

Blir ikkje drift i år – prioriterer restaurering

Riksantikvaren har nemleg gitt 500.000 kroner i tilskot til Håkonsstova, ein like stor sum frå Norsk kulturminnefond går til Eilertsstova, medan 30.000 frå Norsk kulturarv går til restaurering av taket på eit gamal driftsbygg, som no er ombygd til serveringslokale.

– Det er eg kjempeglad for. For kommunen er det viktig å ta vare på tunet og dei heilt unike bygningane der oppe, seier ordføraren.

Les også: Tilrår at Otternes får ein halv million til restaurering

Han fortel at tunet ikkje blir opna for ordinært besøk i sommar, men at det blir jobba med å få på plass ein avtale slik at går i orden til neste år.

– Det har vore ein del diskusjon rundt grepet om å legge ansvaret for tunet til ei stifting. Det viser seg no at det var heilt rett. Vi har fått tilgangt til eksterne midlar, pengar som kommunen ikkje hadde greidd å røysa på eiga hand, seier ordføraren.

FORFALL: Med milliontilskotet aukar håpet om at forfallet som har vore dei siste åra kan bli stoppa.
FORFALL: Med milliontilskotet aukar håpet om at forfallet som har vore dei siste åra kan bli stoppa.

Ordføraren trur freding er avgjerande 

Ordføraren opplyste òg kommunestyret om at stiftinga vil jobbe for å få Otternes freda. 

– Det vil vere ein fordel, både med tanke på bevaring og for å få lettare tilgang til tilskot. Mesteparten av tilskota frå riksantikvaren går til freda bygg. Denne gongen er det gjort eit lite unnatak på grunn av den store verdien bygningane har, men for framtidig finansiering vil det vere avgjerande at tunet er verna, seier Distad.

Til toppen