Endeleg idyll att på Skogadalsbøen

Endeleg idyll att på Skogadalsbøen

Om du har planar om ein lang fjelltur i haust, bør du vera om deg no når vêret endeleg viser seg frå si beste sommarside. - Det er fin stemning og flott her oppe no, men eg veit at me kjem ut med raude tal når sesongen er omme, seier Olav Kjell Moen.

Moen seier det er rundt 70 gjester oppe på Skogadalsbøen laurdag kveld. 

- Så ja, i kveld er det triveleg her oppe. Men sommaren har vore katastrofal for vår del, seier  dagleg leiar ved Skogadalsbøen Turisthytte, Olav Kjell Moen.

KOM DEG TIL FJELLS: Marit Høgheim og Olav Kjell Moen oppmodar folk om å komma til Skogadalsbøen før dei stengjer dørene 13. september.
KOM DEG TIL FJELLS: Marit Høgheim og Olav Kjell Moen oppmodar folk om å komma til Skogadalsbøen før dei stengjer dørene 13. september.

Raude tal

Turisthytta er blant dei som har fått svi på grunn av den kalde sommaren. 

- I juli i fjor hadde me 1.800 gjester, i år i juli hadde me 800. Eg veit at det blir raude tal når me skal telja opp rekneskapet, seier Moen til porten.no 

Han fortel at besøket i august månad har vore som tidlegare år, allereie no er talet oppe i 800.

Sjølv om august har vore ein flott månad for både driftarar og turistar, vil ikkje tala gå i balanse når dei stengjer dørene 13. september. 

- Kvar sesong må me ha ein margin på 1.000 gjester per. månad for at me skal sitja att med litt pengar, og det talet vil me garantert ikkje komma opp i i snitt. Det er ikkje  akkurat nokon økonomisk lukurativ jobb dette her, seier Moen.

SVELESTEIKING: Triveleg med svelesteiking utandørs.
SVELESTEIKING: Triveleg med svelesteiking utandørs.
Til toppen