Øvre Årdal: Bassenget vart stengt ein månad før badesesongen starta ute. Badeanlegget utandørs vert nemleg drivne av same tekniske anlegg som bassenget i hallen, difor kan dei ikkje halde ope samstundes.
Dei siste tre vekene har begge bassenga vore stengt, for det er tida det tek å tappe ned og klargjere til neste sesong.
I dag klokka 17.00 kunne dørene opnast att, etter at stadfestinga frå Sognelab om at alt var på stell hadde kome tidlegare på dagen.
– Eg har hatt ein del folk på tråden som lurer på når me opnar. Så eg trur dei står ganske klare til å byrja på innesesongen. Ikkje minst symjeklubben har trippa ganske heftig for å komme i gong att, seier idrettskonsulent Arne Hovland.
Les også: Stenger bassenget i Årdalshallen
Bassenget held ope for publikum onsdag, torsdag, fredag og laurdag.