Sogndal: – Borna våre er no så store at eg har kunna bruka all mi tid på kunstmaling. Å få stilla ut er jo sjølvsagt det beste, og det verste, ein kunstnar kan oppleva, seier ho om utstillinga ho no presenterer sogndølene.
– Eg er så spent på korleis den vert motteken, seier Hauge Fredheim.

I morgon, fredag, får ho vite reaksjonane.
Gler seg til å treffe publikum
Då får folk nemleg høve til å sjå både tidlegare og nyare arbeid frå kunstmålaren på Kafé Krydder i Sogndal. Etter opninga vil utstillinga bli hengande til midten av november.
Ho har tidlegare stilt ut i Vik og tre gonger i Sogndal. Hauge Fredheim seier ho merkar større interesse for kunsten hennar no, enn for nokre år attende.
– Det er skikkeleg kjekt å snakka med dei som kjem for å sjå på bileta mine. Eg såg noko då eg laga bileta, medan dei som kjem finn og ser noko anna, seier ho.
– Den viktigaste utstilinga mi
Ho byrja å mala med oljefargar, men seier ho meir og meir har vorten innteken i å skapa nye teknikkar og uttrykksformer innan akryl. Ho har elles jobba med både modellering, skulpturering og grafisk framstilling, i til dømes tre- og linoliumsnitt.
– Eg har ikkje etablert meg med ein klar eigen stil, så eg er nok ikkje lett å setja i ein kunstnarstil-bås, seier Hauge Fredheim.
Teikning og maling har ho dreve med sidan ho var lita jente.
– På ein måte vert dette den viktigaste utstilinga mi til no, seier kunstnaren.
Her kjem nokre av måleria frå Monica Hauge Fredheim si penselhand:



