GLAD: Helene Langeland som til dagleg jobbar som prest i Lærdal, jublar over vedtaket om at homofile no kan gifta seg i kyrkja. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
GLAD: Helene Langeland som til dagleg jobbar som prest i Lærdal, jublar over vedtaket om at homofile no kan gifta seg i kyrkja. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

– Endeleg kan homofile gifta seg i kyrkja

Prest i Lærdal, Helene Langeland, meiner det var på høg tid at kyrkja vart ein stad for alle og håpar at det nye vedtake vil opna opp døra for nye medlemmar. 

Lærdal: Måndag denne veka vart det opna for homofile giftemål under kyrkjemøte i Trondheim ved å gå inn for ein ny vigselsliturgi for likekjønna .

– Eg er glad for vedtaket og for alle som har jobba og kjempa for at kjærleiken er størst av alt. Fyrst og fremst er eg glad for dei som vedtaket gjeld, nemleg dei likekjønna. Det er dei dette verkeleg har vore vanskeleg for, seier Langeland. 

Ho er tilsett i Sogn prosti med tenestestad i Lærdal sokn. 

Rann inn med meldingar

Då saka kom opp til endeleg avstemming på Kyrkjemøtet måndag, var det eit fleirtal på 88 av dei 115 delegatane som til slutt stemte for den nye liturgien. 

– Eg har fått tekstmeldingar frå lokale der det står Jippi”, ”Hurra” og ”Endeleg”. Det har vore ubetinga frå frå folk som har stått litt avventande på sidelinja. Slikt gledar meg veldig, seier Langeland. 

Liturgien, som kjem i tillegg til ekteskapsliturgien for kvinne og mann, blir formelt vedtatt under Kyrkjemøtet neste år. Vedtaket inneber også at prestar og kyrkjeleg tilsette skal kunne reservere seg mot å gjennomføre eller delta i vigselen av homofile. 

– Kyrkja skal vere open for alle, konstanterer Langeland. 

Kan splitta kyrkja

I dag jobbar Langeland 20 prosent som prest i Lærdal, medan ho driv på med andre prosjekt. Ho har jobba som prest i soknet i Lærdal i 12 år. Wenche Lie Lysne er dermed tilsett i ei 80 prosent vikarstilling og er i gong med å avslutte utdanninga. 

– Vegen vidare er ikkje heilt bestemt. Liturgien som kjem i tillegg til ekteskapsliturgien for menn og kvinner blir formelt vedteken under Kyrkjemøtet til neste år. Eg håpar vedtaket er med på å byggje fellesskap og ikkje splitta kyrkja, seier Lysne. 

Lærdal sokneråd har hatt fleire strategimøter der dei har kome fram til at kyrkja skal vere utan terskel. Ikkje låg, men ikkje eksisterande. 

– Det er litt underordna at det har vore ein vanskeleg sak å handtere for kyrkja. Det er mange som har behov for å sei kor vanskeleg dette her er, men dei som det har vore vanskeleg for, er jo dei som ikkje tidlegare har fått vie seg i kyrkja, seier Langeland. 

Ho legg til at dei e som ikkje har vore direkte ramma, no burde gleda seg over at døra til kyrkja no står opnare nokon gong før. 

Betent sak 

Det å vigsle homofile i kyrkja, er eit spørsmål soknerådet i Lærdal ikkje har kunne sagt ubetinga ja til før. Langeland har derimot vore blant dei få prestande i Sogn og Fjordane som har sagt ja til forbønn for likekjønna. 

Det vil seie at om eit par har inngått borgarleg ekteskap, som berre har vore mogleg fram til no for homofile, så kan ein ha ein seremoni i kyrkja etterpå der presten velsigna ekteskapet. 

 – Heilt sidan eg kom til Lærdal, har det vore positive haldingar til til ein ubetinga open kyrkjeprofil. Eg syns det er kjempe viktig at saka no har blitt vedteke, sjølv om det har teke litt tid.  Me henge litt etter andre nordiske land, samstundes veit me at det har vore eit betent spørsmål. Det var uansett på høg tid, seier Langeland. 

Ho er spent sine korleis hennar eigne kollegaer vil handtera det nye vedtaket. Så langt er det berre Langeland og ein til som har sagt ja til å stå på lista over tilgjengelege prestar for forbønn. 

– Eg håpar at vi kan stå samla om eit sterk ja for det vedtaket som fleirtalet i kyrkjemøte no har gått inn for, seier ho. 

Opna kyrkja for nye menneske

Fleire har spådd ei medlemsflukt om den norske kyrkja opna for vigsel av homofile. Langeland trur derimot at det nye vedtaket vil opna ei dør for nye medlemmar til kyrkja. 

– Eg kjenner folk som har telt på knappane, deriblant lærdøler, i forhold til om dei kan halda fram som medlemmar i kyrkja om kyrkjerådet ikkje hadde sagt ja under dette kyrkjemøtet, seier ho. 

Langeland trur dei som vel å forlate kyrkje grunna vedtaket, er svært trygge på kva dei trur på. 

– For meg er det viktigare at kyrkja no opna ei dør for nye medlemmer, enn at den stengjer ei dør for dei som ikkje godtek det nye vedtaket, seier Langeland. 

Hennar fokus er fyrst og fremst å opne opp kyrkja for nye personar.

– Vist eg skulle sette det eine opp mot det andre, så hadde det blitt å opne ei dør for fleire. Eg ønskjer sjølvsagt ikkje at nokon skal melde seg ut, men det må bli deira val, seier ho. 

Tryggleik og språkbruk

Lærdal sokneråd er eit av dei få sokna som har slått seg saman. Rådet består av både Borgund, Tønjum og Hauge kyrkje. 

– Eg håpar vedtaket kan gi folk tryggleik og at fleire kan føle seg trygge på kven dei er, no som kyrkja stiller seg meir opne. Det med homofil vigsel skulle i bunn og grunn aldri ha ein kamp, det er slik det skal vere, seier ho. 

Lærdal sokneråd har vore ein plogspiss lokalt dei siste åra, men no er også debatten om ei meir open kyrkje blitt teken opp sentralt. 

– Debatten vidare og språkbruken blir svært interessant å følgja med på. Den er viktig for oss som jobbar i kyrkja å ha eit bevist forhald til dette og for at folk skal kjenna seg meir velkommen, avsluttar Langeland. 

Til toppen