KLARE: Vassendgutane er første band som blir sleppt til Jordeplerock 2017 - og med det ser interessa for årets utgåve av festivalen i Lærdal ut til å ha fått ein flying start. Pressefoto
KLARE: Vassendgutane er første band som blir sleppt til Jordeplerock 2017 - og med det ser interessa for årets utgåve av festivalen i Lærdal ut til å ha fått ein flying start. Pressefoto

– Endeleg kjem dei til Jordeplerock

Vassendgutane har vore det mest etterspurde bandet til festivalen i Lærdal - og i år blir desse ønskja oppfylte. 

Lærdal: – Det har faktisk vore meir spørsmål frå publikum om å få Vassendgutane til Jordeplerock enn DDE og Hellbillies. Så no endeleg kjem dei, seier Torgeir Skjerdal, marknadgsføringsansvarleg.

Countrybandet frå Ørsta treng knappast nokon nærare presentasjon - dei har vakse seg større og større sidan den spede starten for nesten 20 år sidan og er eit av landets mest ettertrakta liveband.

Med albumtitlar som "Pylse og konjakk" på debutplata i 2000 og tredjeplata "Ungkar med dobbeltseng" - som var eit gjennombrot - skjønar ein kva ein får når Vassendgutane er på vitjing. Dette er reinspikka festmusikk.

Annan profil med meir jamt store band

– Vassendgutane trekkjer mykje folk, og har altså vore sakna - difor er det ekstra kjekt å sleppa dei som første band. Me skal prøva å skilja oss frå andre festivalar i området, og tidlegare år har dei som regel hatt konsertar ikkje langt unna i løpet av sommarem. Men i år passa det godt - Vassendgutane skal på Vekao, men det er alt i mars, så me ser ikkje på det som konkurranse, seier Skjerdal

Årets Jordeplerock går av stabelen 23-24.juni og dei seks countryheltane frå Åmdalen i Ørsta spelar fredag. Eit så populært band skulle ein tru var ein klokkeklar headliner, men heilt slik er det ikkje nødvendigvis, seier Skjerdal.

– Vanlegvis har me eit tydeleg hovudband kvar kveld, men i år køyrer me ein litt annan taktikk med fleire band som er om lag like store i sine sjangrar - eg trur dei aller fleste kjenner til banda me har booka så langt. Mange vil nok sjå Vassendgutan som hovudbandet fredagen - i alle fall countryfolket - medan andre vil seia det blir ganske jamt store band.

Fleire band i boks

Skjerdal fortel dei har fire band klare - i fjor spelte sju artistar under festivalen, og såleis er over halvparten av line-upen til årets Jordeplerock i boks. Og han lovar eit breitt spekter av artistar - samstundes som det kanskje kan høyrast ut som dei countryfrelste blir spesielt nøgde i år:

– Dei blir nok nøgde med Vassendgutane i seg sjølv, men me har nok kanskje litt meir country på lur også. I tillegg har me popband og noko som skapar veldig god feststemning på blokka. Målet vårt er å ha eit breitt program som treff mange, og får me det som me vil i år trur eg det blir veldig bra.

Artikkelen held fram under biletet

REKORD: Jordeplerock sette publikumsrekord med om lag 2400 innom dørene i fjor - då var DDE og Sandra Lyng dei store trekkplastera. Med publikumsfavoritten Vassendgutane klare og jamt over kjende band på blokka til festivalleiinga skulle det vera duka for at mange finn vegen til årets festival også. Arkivfoto
REKORD: Jordeplerock sette publikumsrekord med om lag 2400 innom dørene i fjor - då var DDE og Sandra Lyng dei store trekkplastera. Med publikumsfavoritten Vassendgutane klare og jamt over kjende band på blokka til festivalleiinga skulle det vera duka for at mange finn vegen til årets festival også. Arkivfoto

Les også: 2400 på Jordeplerock

Billettsalet til årets Jordeplerock har ikkje starta enno, men eit facebookarrangement er oppretta heilt nyleg. Måndag føremiddag har allereie 327 meldt at dei "skal" på Jordeplerock 2017 og 429 er "interesserte".

– Me har eigentleg ikkje gjort noko i det heile markandsføringsmessig enno - anna enn å oppretta eit arrangement på Facebook. Men Vassendgutane la Jordeplerock ut på turnèplanen på nettsidene sine i førre veke, og på dei få dagane som har gått sidan har me fått veldig mykje attendemeldingar om kor bra dette er. Så den store interessa allereie no har nok med dei å gjera.

Til toppen