ENDELEG: Ein, to, tre, og med det fjerde skal det skje. I sesongens fjerde kamp kom den første sigeren for Jotun/ÅTIL/Årdal 2. Foto: Kai Wigum.
ENDELEG: Ein, to, tre, og med det fjerde skal det skje. I sesongens fjerde kamp kom den første sigeren for Jotun/ÅTIL/Årdal 2. Foto: Kai Wigum.

Endeleg kom sigeren for samarbeidslaget

Jonas Styve Madocs og Marius Loftheim scora måla då samarbeidslaget tok sesongens første siger.

Jotun/ÅTIL/Årdal 2 – Hyllestad/Dale 2 2-0

Etter å ha opna med tre strake tap i 5. divisjon kom endeleg sesongens første siger for samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 då Hyllestad/Dale 2 vart sendt heim med 0-2 i baggasjen søndag.

Heimelaget i kvitt hadde full kontroll heile kampen og kunne fortent innkassere tre poeng. Jonas Styve Madocs og Marius Loftheim scora måla.

Førstnevnte sendte vertane i leiinga med eit godt frispark, som gjekk via ein av bortelagets spelarar og finta ut keeper og i mål. Trass fleire gode sjansar, stod det 1-0 til pause.

I 2. omgang auka dominansen ytterlegare for Jotun/ÅTIL/Årdal 2 då gjestane, som ikkje hadde med seg ein einaste innbyttar, byrja å merka køyret. Til slutt fekk samarbeidslaget betalt. Halvor Neset fann Loftheim framfor mål. Han greip sjansen og sette inn 2-0.

Dermed kom dei første tre poenga på fjerde forsøk. Det løfta laget opp på ein 5. plass på tabellen.

Til toppen