Christian Stedje sørga for siger til Årdal FK. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Christian Stedje sørga for siger til Årdal FK. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Endeleg kom sigeren til Årdal

Ivan Øy håpar at denne sigeren er med på å setje standarden for kampane i tida framover.

Årdal FK - Bergsøy 1-0

Heimelaget var i sitt ess i dag, og det meste skjedde på bortelaget sin banehalvdel gjennom heile kampen. 

Christian Stedje stod for det einaste målet i kampen, men det haldt til siger for Årdal FK.

Årdal FK samlast etter at dei tok leiinga i kampen.
ETTERLENGTA: Ein halvtime ut i andre omgang kom målet Årdal FK hadde venta på.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Intense duellar

Begge laga var fokuserte gjennom heile kampen, men Årdal FK tok styringa ganske tidleg. 

Det stod ikkje på målsjansane til heimelaget, og ved kampens slutt hadde laget hatt fire store mogelegheitar. Bergsøy var til tider særs aggressive i si tilnærming, noko som enda med fire gule kort. To av desse kom med eitt minutts mellomrom i fyrste omgang.

Intense duellar mellom Årdal FK og Bergsøy
FOKUSERTE: Begge laga var fokuserte, men heimelaget hadde styringa heile vegen.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Storfornøgd trenar

BYGGJE VIDARE: Årdal FK skal no byggje vidare på denne seieren, og Ivan Øy håpar dei med dette har satt standarden for resten av sesongen.
BYGGJE VIDARE: Årdal FK skal no byggje vidare på denne seieren, og Ivan Øy håpar dei med dette har satt standarden for resten av sesongen.

– Det var veldig god innsats frå spelarane i dag, og det var avslutningane og

effektiviteten som utmerka seg, seier trenar Ivan Øy rett etter kampen. 

Han fortel vidare at etter fleire nederlag, var det godt å endeleg få inn tre poeng.

Til toppen