OPNA TUNNEL: Fylkesordførar Jenny Følling flankert av ordførar i Luster, Ivar Kvalen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden og elevane på Veitastrond skule. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
OPNA TUNNEL: Fylkesordførar Jenny Følling flankert av ordførar i Luster, Ivar Kvalen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden og elevane på Veitastrond skule. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Endeleg kunne dei juble for opninga av ny tunnel

Så godt som alle dei 107 innbyggjarane på Veitastrond var møtte fram for å delta på opninga av den skredsikra Veitastrondsvegen i dag.

Veitastrond: Det har teke fem år, men i dag var det offisiell opning av ein skredsikra veg mellom Veitastrond og Hafslo. Opninga fann stad inni den nye Langanestunnelen.

– De har vore tolmodige, men no står vegen klar. Me har venta lenge, no er me framme ved dette målet, sa fylkesordførar Jenny Følling då ho opna vegen.

Veitastrendingane har levd med den rasutsette vegen i mange år. Tidvis har dei vore innestengt i fleire dagar. Den nye tunnelen kostar fylkeskommunen 275 millionar kroner.

Det er bygd fang- og ledevollar i Lindeskreda og Buskreda, og i Utledøla har ein fått på plass landets første skredradar. Radaren registrerer alle rørsler i dalføret, og dei største fører til at raudt lys vert slått på for å hindre trafikken å køyre inn i eit skred.

Betyr mykje for bygda

Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen, slo fast at sjeldan har eit fylkestingsvedtak hatt større betydning for folketalsveksten i ei bygd. Han fortalde om ungdom som flyttar heim, familiar som etablerer seg med mange små ungar og nye driftsbygningar. Dette hadde også fylkesordførar Jenny Følling har merkt seg.

– Eg hadde tenkt å seie at eg håpar opninga markerer ei oppblomstring av etableringar og framtidstru for alle som vil bu og leve liva sine på Veitastrond, men det ser eg allereie har skjedd. Her er nye hus og driftsbygningar og ein kafé med mykje liv. Det gler meg som fylkesordførar. Eg vil det skal vere liv i bygdene våre, sa Følling.

Entreprenørane på prosjektet har vore Brødrene Lomheim, som har bygd skredvollar mot Store og Vetle Buskreda og Havnen Anlegg og Metrostav, som har bygd Langanestunnelen og veg og skredvollar ved Lindeskreda.

Til toppen