ENDELEG: Søndag var første opningsdag for Sogn skisenter på Hafslo. No ønskjer dei, og dei andre skisentera i og rundt Sogn, seg meir snø til jul. Foto: Sogn skisenter. 
ENDELEG: Søndag var første opningsdag for Sogn skisenter på Hafslo. No ønskjer dei, og dei andre skisentera i og rundt Sogn, seg meir snø til jul. Foto: Sogn skisenter. 

Endeleg kunne dei opne – no ønskjer skifolket seg snø til jul

Varmegrader og regn langt opp i fjellet har ikkje akkurat gjort det enkelt for skisentera så langt i desember, men sjansane er gode for at du får prøve dei nye skia dine i romjula.

Hafslo: Søndag kunne endeleg Sogn skisenter på Hafslo sleppe skientusiastar til i bakken. Trass regn og skodde var det rundt 200 som fekk seg ein gratis køyretur.

– Det er ufatteleg deilig å opne. Vanlegvis opnar me ganske tidleg i desember. I fjor opna me i november, så no er me om lag 14 dagar etter, og då er det godt å få opne før jul, seier dagleg leiar ved Sogn skisenter Runar Henning Tørvi.

Med det er Sogn skisenter det første i Sogn til å opne – viss ein ikkje reknar med Filefjell som har vore ope sidan november. Det kan dei takke snøkanoner for. Å opne til jul er nemleg heilt avgjerande, meiner han.

– Me må opne før jul. Romjulsveka er ein av det store inntektskjeldene saman med vinterferie og påskeferie. Mistar me denne, mistar me ein omtrent ein tredjedel av inntektene, så det er utrulig viktig, legg han til.

Ønskjer seg snø til jul

No håpar Tørvi, i likskap med alle andre innanfor denne bransjen, på meir snø til jul. Desember-vêret har ikkje akkurat bydd på særleg med snø, men går prognosane i boks, vil også Sogndal skisenter opne bakken før jul.

– Me er klare for å opne når me får litt meir snø. Det er meldt snø frå onsdag, og då byrjar me med å opne barneskiheisen og langrennsløypene forhåpenlegvis til vesle julaftan. Slå vêrmeldinane til, er det realistisk, meiner dagleg leiar Per Odd Grevsnes.

Han fortel at det må nokre dagar med snø til for også å kunne opne ein eller to av traseane til dei store heisane. Berre éin gong dei siste 20 åra har dei greidd å opne til 2. juledag.

– Men det er fleire gonger at me har opna 2. juledag. Vanlegvis opnar me i midten av desember. 

Også han understrekar at det er viktig å få opna til romjula. 

– Det å få opna til jul er ofte forskjellen på ein suksessesong og ikkje med tanke på økonomi. Det er heilt naudsynt for økonomien å vere tidleg ute. 

– Kunstsnøen har redda oss

Nokon som er tidleg ute er skisenteret på Filefjell. Dei har halde ope sidan november og kjem også til halde ope kvar dag i jula frå skulen tek fri til han startar att på nyåret. 

Heller ikkje her har dei slept unna det vrange vêret. 

– Me måtte stenge førre helg fordi det var så blautt at me ikkje ville køyre maskiner på snøen. Det var mjukt over alt, så me ville spare snøen slik at han ikkje forsvinn for oss før jul, seier Magne Grihamar i Tyin/Filefjell. 

Det ikkje er uvanleg med nokre mildvêrhelger før jul, men i år har det kome mykje mindre nedbør enn vanleg, noko som har gitt mindre snø.

– Det er kunstsnøen som har redda oss. Førebels er det begrensa bakkar som er opne, men der det er kunstsnø er det ikkje så verst. No skal me få meir snø også, så me planlegg mannskapet for å opne meir og meir av anlegget. Me håpar kundane er tolmodige. Det ser ut til at det meste av snøen kjem midt i julehøgtida, så då kan det ta litt tid frå snøen kjem til me får opna resten. 

Til toppen