NØGD: Christoffer Knagenhjelm er glad for at kommunen no trekk kravet om nydyrking. Foto: arkiv.
NØGD: Christoffer Knagenhjelm er glad for at kommunen no trekk kravet om nydyrking. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Endeleg nådde dei fram i papirjungelen

Tysdag landa brevet brørne har venta på i postkassa.

Kaupanger: Nils Joachim og Christoffer Knagenhjelm har møtt ein byråkratisk vegg i forsøket på å sette kulturlandsskapet rundt Kaupanger Hovudgård i opphavleg stand.

No har saka fått ei ny vending. Kommunen droppar nemleg eit krav som har skapt mykje hovudbry det siste året.

– Essensen i brevet er at vi kan gjere som vi vil, seier Christoffer Knagenhjelm om overraskinga som møtte han i postkassa tysdagen.

Les også: Eldsjelene til stavkyrkja i ferd med å gje opp
Les også: Slutt for Knaken: – Trist at det skal ende slik​

Framleis uløyste spørsmål

Det starta med eit ønskje om å dyrke gras på eit område dei har rydda for skog. Kommunen krevde at det vart søkt om nydyrking, medan fylkeskommunen krevde at det vart gjort arkeologiske registreringar i området.

Slik stod saka lenge, før ballen så vidt byrja å rulle att då brørne stilte eit ultimatum.

Les også: Ordføraren vil få Knaken til å snu

Når kommunen no har droppa sitt krav, vert det neste blir å få avklara med Riksantikvaren om krava til registreringar fell vekk i same slengen.

– Den debatten får vi ta med forvaltinga, seier Knagenhjelm.

– Det viktige er at vi slepp det kravet frå kommunen. No har vi fått fridom til å ta det arbeidet vi meiner er naudsynt når vi sjølve har tid og kapasitet til det. Det blir vesentleg lettare når vi kan styre alt sjølve, seier Knagehjelm.

Knaken framleis stengt. 

Han og kona er begge utdanna arkeologar og føler dei sjølve kan ta dei riktige vurderingane om det skulle dukke opp kulturskattar i arbeidet med nydyrkinga.

– I så tilfelle har vi krav på oss til å seie frå. No er vi to arkeologar på området og forvaltinga må ha tillit til at eigarane kan gjere det rette. Eg føler meg trygg på at vi skal kome fram til einigheit der òg etterkvart, seier Knagenhjelm.

Les også: Siste spikaren i kista for Knaken

Sjølv om det meste ser ut til å løyse seg er ikkje Knagenhjelm budd på å opne opp att Knaken, den familieeigde kafèen som vart lagt ned i frustrasjon over dei tungrådde byråkratiske prosessane.

– Det har vore ein utmattande prosess som har vart i tolv månader. Og så kjem kommunen til same konklusjon som vi har meint heile tida. Det å restarte Knaken, det orkar eg rett og slett ikkje, seier Knagenhjelm.

Til toppen