ENDELEG: Rådmann Jostein Aanestad er spesielt nøgd med at Fylkesmannen i rapporten har fjerna utsegner om at Sogn barnevern har lagt vekk meldingar med mogleg vald, moglege seksuelle overgrep og alvorleg uro for barnets omsorgssituasjon, går det fram av ei pressemelding frå Sogndal kommune. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik 
ENDELEG: Rådmann Jostein Aanestad er spesielt nøgd med at Fylkesmannen i rapporten har fjerna utsegner om at Sogn barnevern har lagt vekk meldingar med mogleg vald, moglege seksuelle overgrep og alvorleg uro for barnets omsorgssituasjon, går det fram av ei pressemelding frå Sogndal kommune. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Endeleg rapport om barnevernet frå Fylkesmannen er klar

Rådmannen er nøgd med at Fylkesmannen har teke omsyn til ein del av innspela kommunen kom med etter at den førebelse rapporten låg føre.

Sogndal: – Sjølv om fylkesmannen har gjort fleire endringar i endeleg rapport finn rådmannen funna frå tilsynet alvorlege, går det fram av ei pressemelding frå Sogndal kommune.

Kommunen leverte førebels forbetringsplan til Fylkesmannen 31. januar og har frist til 15. mars for å senda den endelege versjonen av forbetringsplanen.

Rådmannen er spesielt nøgd med at Fylkesmannen i rapporten har fjerna utsegner om at Sogn barnevern har lagt vekk meldingar med mogleg vald, moglege seksuelle overgrep og alvorleg uro for barnets omsorgssituasjon. 

Les også: Her er rapporten om barnevernet

Fylkesmannen har òg endra tal avvik frå 11 til 8.

– Rådmannen peiker på at alle innbyggjarane må vere trygge på at varslingar til barnevernet vert følgde opp og undersøkte, og at dei born og unge og deira familiar som treng det får den oppfølginga dei skal ha frå barnevernet, står det i pressemeldinga.

Les også: Her er gjengen som skal gjenreise tilliten til barnevernet

 

Til toppen