TRE POENG: Samarbeidslaget Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 tok endeleg haustsesongens første siger etter tre strake tap. Halvor Neset (nummer 8 på biletet) scora to av måla i 4-1-sigeren i Hyllestad. Arkivfoto: Kai Wigum.
TRE POENG: Samarbeidslaget Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 tok endeleg haustsesongens første siger etter tre strake tap. Halvor Neset (nummer 8 på biletet) scora to av måla i 4-1-sigeren i Hyllestad. Arkivfoto: Kai Wigum.

Endeleg siger for samarbeidslaget

Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 tok haustsesongens første trepoengar.

Hyllestad/Dale 2 – Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 1-4

Årdal: Etter ein tung start på sesongen for samarbeidslaget Jotun/Årdalstangen/Årdal 2 kunne dei endeleg juble for tre poeng søndag mot Hyllestad/Dale 2.

Samarbeidslaget, som spelar i 5. divisjon hadde tapt dei tre første kampane av haustsesongen, seinast 2-6 mot Gaular på heimebane.

Borte mot Hyllestad/Dale 2 hadde gjestane frå Årdal full kontroll heile kampen. Til pause leia dei 2-0 etter scoringar frå Jonas Styve Madocs og Halvor Neset. Førstnemnde scora på frispark, medan Neset sette inn eit straffespark.

Litt spenning i kampen vart det då heimelaget reduserte til 1-2, men ikkje lenge etter gav Ruben Aspeseter gjestane ei tomålsleiing att då han nikka inn 3-1.

Ti minuttar før slutt fekk Madocs sitt andre gule kort og gjestane måtte spela med ein mann mindre, men i staden for eit trykk frå Hyllestad/Dale 2, la heller Neset på til 4-1 med si andre scoring i kampen.

Samarbeidslaget ligg no på ein 6. plass av ni lag, der det niande laget er Lærdal, som trakk seg før sesongstart. Laget frå Årdal har ti poeng.

Til toppen