I SKOTET: Rune Bolseth måtte forlate bana med skade i andreomgang. I første omgang var han direkte involvert i 1-0 scoringa, då returen frå skotet hans vart sett i mål.
I SKOTET: Rune Bolseth måtte forlate bana med skade i andreomgang. I første omgang var han direkte involvert i 1-0 scoringa, då returen frå skotet hans vart sett i mål.

Endeleg! Sogndal banka Sarpsborg på heimebane

Sogndal scora tre og vann for første gong på fem kampar.

Sogndal - Sarpsborg 08: 3-0

Sogndal har slite med å konvertere godt spel til poeng på heimebane denne sesongen. Mot Sarpsborg derimot hadde sogndølene marginane med seg, og tok med seg ein flatterande tremålssiger, på ein dag dei i beste fall var marginalt best.

– Det er ingenting som heiter å vere heldig i fotball. Du får som fortent. Slik føler eg det var i dag òg, me fekk som fortent. Det var ein fantastisk laginnsats, seier trenar Eirik Bakke etter kampen.

Målscorar Ole Amund Sveen trur sigeren kan bli heilt avgjerande i sesonginnspurten. 

– Alle ser at laga bak har byrja å jage oss litt. Vi prøver å ikkje tenkje så mykje på det, men det ligg likevel litt i bakhovudet. Hadde vi tapt i dag hadde vi plutseleg vore nedi der. No kan vi ha heller sjå oppover på tabellen, seier han.

NØGD: Eirik Bakke skryter av innsatsen til spelarane.
NØGD: Eirik Bakke skryter av innsatsen til spelarane.

Heldig leiing i første

Bortelaget fekk den første sjansen på eit frispark etter knappe kvarteret. Morten Sundli fekk heada mot mål frå fire meter, men ballen gjekk over.

To minutt seinare small det i den andre enden. Eit innlegg vart stussa på bakarste. Rune Bolseth fekk stå heilt åleine, men skotet vart fista unna av keeper. Returen datt ned til Martin Ramsland, som sklitackla ballen i mål til 1-0.

Sogndal hadde ballen mest, men Sarpsborg var langt frå ufarlege. Halvtimen ut i kampen kom dei til ein ny kjempesjanse. Jonas Lindberg fekk avslutte heilt uforstyrra på bakarste, men Mathias Dyngeland sette ut foten og fekk avverga med ein fantastisk refleksredning.

– Han reddar oss der. Det var ei skikkeleg handballredning og utruleg bra gjort. Han har hatt fleire slike denne sesongen og har vore utruleg stabil og god for oss, seier Ole Amund Sveen etter kampen.  

Alt i alt var Sogndal heldige som fekk gå til pause med 1-0 leiing.

Assistkongen scora endeleg igjen

Andre omgang starta heller tamt, dei første ti minutta skjedde det ingenting. Mest drama vart det då Rune Bolseth måtte forlate bana med det som såg ut som ein skade i ryggen.

Men så vakna kampen til live. Først varta Sarpsborg opp med ein sjanse av dimensjonar. Dyngeland vart for veik i lufta, men stolpen stod i vegen for headinga. Ballen gjorde eit par sprett på streken før Raitala fekk mosa ballen unna.

Som i første svara Sogndal sjanse med scoring. Koomson tok backen sin med på løpsduell, var noko heldig som fekk med seg ballen, men langt meir bereknande då han fann Ole Amund Sveen på løp inne i boksen.

Den omskulerte midtbanespelaren fekk langt frå noko draumetreff, men ballen trilla ned i høgre hjørne.

– Då fekk me sjå kor mykje siger i denne kampen betydde. Etter 2-0 scoringa vart alle spelarane fem kilo lettare. Eg òg. Til og med materialforvaltaren vår, Dag Martin, trur eg vart lett i dag, seier Bakke.

Assistkongen scora endeleg igjen

Fem minutt før slutt var det banas kanskje beste spelar som fekk krona kampen med ei scoring. Jukka Raitala førte ballen framover på venstre. Han såg Sveen kome stormande inn i feltet, men valde å berre la han springe. 

I staden sentra han til Koomson som var fri utanfor sekstenmeteren. Han tok med seg ballen inn i boksen med den første touchen, var kald som ein fisk med den andre og prikka inn 3-0.

– Eg hadde stor fart inn i feltet og vurderte til og med å drible. Eg ombestemte meg i siste sekund og gjekk for skot. Det var ei god avgjerd, seier Koomson.

Eit flatterande resultat, men det er lov å vere effektiv i fotball, sjølv for Sogndal. Kampane som står att viser kvifor sigeren kan bli gull verdt.

Neste helg ventar Lillestrøm, eit lag som kjempar mot nedrykk. Deretter kjem storkampane på rekke og rad, først vestlandsderbyet mot Brann, deretter Molde, Strømsgodset og Odd, før heimekampen mot Aalesund set punktum for årets sesong. Trenar Bakke er derimot ikkje skremt.

– Eg trur vi kan slå alle laga. Men jo fortare vi får dei poenga som skal til, jo betre. Vi ser bak oss på tabellen vi òg. Men eg bryr meg ikkje om kven me møter. Fem kampar betyr at det er nok av sjansar til å ta poeng, seier Bakke.

Til toppen