ENDELEG I GANG: Tysdag starta Sogndal oppkøyringa til neste sesongs utgåve av Eliteserien. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Endeleg tilbake i trening: – Godt å kome i gang

Tysdag hadde Sogndal si første trening etter vinterferien.

Sogndal: Etter ein svært sterk første sesong som Eliteserie-trenar, går Eirik Bakke og co. inn med ei litt tryggare kjensle til 2017-utgåva. 

Tysdag hadde laget si første trening etter vinterferien, der det også var nye ansikt å sjå. Bakke tykkjer det no er godt i koma i gong slik at laget stiller klart når det heile brakar laust 2. april.

– Me har hatt ein god pause. Det er ein bra gjeng dette her. Sjølv om dei har hatt fri, så har dei trent godt og fulgt dei individuelle programma dei har fått, seier Eirik Bakke til Porten.no. 

– Byggjer opp til å bli endå betre

Sogndal enda på ein 11. plass på Noregs høgste nivå i 2016. I dag starta arbeidet mot å levere ein ny god prestasjon.

– Så mange treningar trur eg me ikkje har hatt tidlegare. Det blir ein mild start no, og så byggjer me opp til å bli endå betre. Det er det som ligg i premissane, og så køyrer me på som vanleg for å bli klar til første dagen. Det er mange nye, så det er godt i kome i gang.

Til toppen