Sogndal: Sogn og Fjordane er det fylket i Noreg der flest elevar får bortebuarstipend. Til no har elevar som bur over 40 kilometer frå skulen fått stipendet, no vil regjeringa flytte grensa til 60 kilometer.
– Det vil råka mange av elevane våre som bur på hybel kraftig. Det er eit framlegg eg ikkje likar i det heile teke og eg håpar dei ikkje for gjennomslag for det, seier rektor Ole Jørgen Øygarden ved vidaregåande i Sogndal.
Han har ikkje tal på kor mange elevar som kan bli råka av endringa, men elevar frå både Årdal, Balestrand, Vik, frå Skjolden og Veitastrond i Luster og Borgund i Lærdal står i faresona.
Mange av desse kan få valet om flytte heim, eller betale ekstrakostnaden frå eiga lomma.
– Ein time reisetid kvar veg, kan vera i overkant for mykje for ein del elevar. Då kan dagane bli i overkant lange. Eg tykkjer det er sosialt urettvist, seier Øygarden.
Òg AUF Sogn og Fjordane er blant dei som reagerer.
– Om ein stortingsrepresentant bur meir enn 40 kilometer frå Stortinget får vedkomande dekka eiga leiligheit. Då skal i alle fall elevar i den vidaregåande skulen få bortebuarstipend på like vilkår, seier Henrik Thorsnes Lefdal i AUF Sogn og Fjordane i ei pressemelding.