EKSTRA INSTANS: Fylkesmannen blir instansen mobbeoffer kan henvende seg om dei føler skulen ikkje gir dei hjelpa dei.
EKSTRA INSTANS: Fylkesmannen blir instansen mobbeoffer kan henvende seg om dei føler skulen ikkje gir dei hjelpa dei. (Bilde: illustrasjonsfoto)

Endrar lova for å stoppe mobbing

Regelverket om skulemiljø vart endra 1. august. No kan elevar og foreldre som meiner skulen ikkje gjer nok for å stanse mobbing ta kontakt med Fylkesmannen.

Leikanger: – I utdanningsavdelinga er vi fleire personar som skal jobbe med desse sakene. Dei som treng oss kan ringe og spørje etter dei som jobbar med mobbesaker, så vert dei sett over til nokon som kan hjelpe, seier utdanningsdirektør John Ole Vange til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine eigne nettsider.

ALLE HAR RETT PÅ TRYGG SKULE: Utdanningsdirektør John Ole Vange ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
ALLE HAR RETT PÅ TRYGG SKULE: Utdanningsdirektør John Ole Vange ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Fylkesmannen rår dei om ikkje har det bra på skulen om å melde frå til rektor, anten personleg eller med hjelp frå foreldra:

– Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for å hjelpe deg. Skulen skal ta tak i saka di innan det har gått ei veke. Deretter skal skulen lage ein skriftleg plan for korleis dei skal hjelpe deg. Du kan vere med på å lage planen om du ønskjer det.

Viss skulen ikkje har gjort noko innan fristen på ei veke, kan du kontakte Fylkesmannen. Det same gjeld viss du føler skulen ikkje tek deg på alvor.

– Vi som jobbar hjå Fylkesmannen skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Etter det kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag, står det vidare.

Til toppen