Balestrand: – Mitt mål er å gje folk ein god pris på barberblad, seier Endre Offerdal.
Han tykkjer sjølv barberblad er dyrt, og ville gjera noko med det.
– Eg meiner at viss folk kjøper mine barberblad sit dei att med litt ekstra peng.
Pakken kjem rett på døra
Konseptet han har laga er enkelt.
– Du bestiller på nett, og får det levert på døra ein gong i månaden, eller kvartalsvis. Du kan bli abonnent eller bestilla ein enkelt høvel og barberblad, fortel Offerdal.
Offerdal har brukt to år på å skapa det produktet som står ferdig i dag.
– Det var fleire faktorar som fekk meg til å starta. Undervegs i studiet mitt såg eg at dette var noko eg kunne gjennomføra, så då var det berre å koma seg i drift når studiet var ferdig.
Produsert i Tyskland
Dei to siste åra har han jobba hardt med å få på plass ein høvel med barberblad som skal vera til hjelp for alle.
– Det har vore produkttesting, utforming, profil og heile pakka. Sjølve høvelen er produsert i Tyskland, fortel Offerdal, som er heilt aleina om bedrifta.
Saka held fram under biletet.

– Det er mykje arbeid, men det er godt arbeid. Eg har ingenting å syta over.
Barberblad for begge kjønn
Barberblada er utvikla både for kvinner og menn.
– Det er jo ingen forskjell, og det er tull å ha eit blad til kvart kjønn. Det er som om det skulle vore laga ein blyant til menn, og ein til kvinner.
Han er òg oppteken av at bladet kan brukast på alle område på kroppen.
– Dei er ikkje spesielt utforma til eit spesielt område. Desse kan du bruka over alt på kroppen der du føler det er naudsynt for deg å barbera.
Den siste tida har han køyrt markedstesting på både familie og vener.
– Eg lanserar ingenting utan at eg veit at det fungerer, og no veit eg at dette er eit produkt både for kvinner og menn.
- Les òg: Lustring opnar butikk i Sogndal.
Flytta frå Frankrike til Balestrand
For å få det til å gå rundt valde Offerdal å flytta frå Frankrike etter endte studiar, og heim til Balestrand.
– Når eg er så heldig å få bu heima gratis så er det ein kostnadsbesparelse for meg. Det er sutalaust å sitta heima og jobba derifrå. Eg pakkar varer, sender dei, og styrer heimesida.
Sakte men sikkert håpar han no at bedrifta skal gå rundt.
– Eg håpar jo på å få barbert nokre folk framover. Viss eg greier å skapa meg ei løn på dette så har eg gjort det godt for meg sjølv, seier han.